Smaragd seld til Island for 71 millionar
ISLANDSK: Herøy-båten Smaragd er seld til Island. Reiarlaget får ny båt i mai neste år.
Nytt

Smaragd seld til Island for 71 millionar

- Dei får ein nauta bra båt, seier reiar Reidar Smådal etter å ha seld ringnotsnurparen Smaragd til Island.

03.07.2014
- Det har vore forferdeleg lite plage med denne båten. Dei får også ein nyklassa og heil båt. Kjøparane virkar også godt fornøgde.
Det er det islandske reiarlaget Lònuvinnslan frå Fáskrúðsfjörður aust på Island som har kjøpt båten.
- Det virkar som det er omtrent heile bygda på Island som eig i reiarlaget, seier Smådal.

Litt vemodig

Han han sjølv slutta på sjøen, men er skipper på båten frå Leinøy til Måløy, der båten torsdag morgon ligg og bunkrar.
- I tillegg ventar vi på nokre papir frå Bergen. Så snart dei er klare, så går båten til Island.
Med på turen vert maskinist Per Odd Kvalsund.
- Han skal også vere med på den første fisketuren, for å sjå at alt går bra og å lære opp dei nye.
Reidar Smådal seier at det litt vemodig å kvitte seg med gamlebåten, ein båt reiarlaget fekk bygd i 1999. No er reiarlaget i gang med sitt nybygg nummer tre, der Havyard har teikna båten, og skroget er under bygging ved Cemre-verftet i Tyrkia.

Fornøgd med prisen

Planen er at båten skal vere klar i mai neste år etter å ha vorte utrusta ved Havyard Leirvik.
- Eg håpar nyebåten vert like god som den gamle. Då har vi ikkje noko å klage på.
Han er også godt nøgd med prisen reiarlaget fekk for gamlebåten, sjølv om han ikkje vil oppgi summen.
- Nei, det held vi for oss sjølve, men vi er godt fornøgde.
Etter det NETT NO kjenner til, er prisen på litt over 71 millionar kroner.

Balla på seg

Smådal seier at det var nokså tilfeldig at det islandske reiarlaget fatta interesse for gamlebåten.
- Vi låg etter nyttår i Seyðisfjörður, ikkje langt frå Fáskrúðsfjörður, og venta på å gå på lodda. Då kom det nokre karar frå det islandske reiarlaget og kika på båten.
- Etterpå har det balla så mykje på seg at det til slutt vart sal.
Islendinghane har alt fjerna Smaragd-namnet frå skutesida, og erstatta det med Hofell Su-80. Smådal håpar at dei vil behalde grønefargen på båten.
- Dei har to båtar frå før, og dei er grå, men eg kan ikkje forstå at dei vil endre den fine grønfargen vi har på båten. Smaragd passar best å vere grøn.

Nybygg med finesser

Nye Smaragd vert den sjette båten med same namn for Herøy-reiarlaget, og det tredje nybygget. Nyebåten vert ein kombinert ringnotsnurpar og trålar med mange finesser. Mellom anna skal ein ha innebygd notbinge og skal kunne pumpe både frå hekken og frå sida.
Medan reiarlaget ventar på nybygget, skal ein ta resten av kvotene med ringnotsnurparen Herøy.
- Vi har att både makrell og NVG-sild, og brukar Herøy til leigebåt, seier Smådal.
Denne båten eig Smaragd-reiarlaget ein tredjepart i.
Etterpå har det balla så mykje på seg at det til slutt vart sal

Publisert: 03.07.2014 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34