Smart operasjon bak boers adjoe
KONTROLL: Rolf Domstein har sikra seg kontroll over meir enn 90 prosent av aksjane i Domstein ASA.
Nytt

Smart operasjon bak børs-adjø

Gjennom ein finansoperasjon sikrar laksemilliardær Gustav Witzøe og Domstein-brødrene full kontroll, og tek Domstein ASA av børs. Les korleis.

01.10.2014
I sommar stranda forsøket på å ta Domstein ASA av børs, og dele verksemda mellom Gustav Witzøe sitt investeringsselskap Kverva og Domstein-brødrene sitt selskap R. Domstein. Grunnen var at for få aksjonærar takka ja til bodet frå R. Domstein om å selje til 10 kroner pr. aksje.
Bodet verdsette heile selskapet til 77 millionar kroner. Brødrene fekk berre kontroll over litt over 70 prosent av aksjane, men måtte passere 90 prosent for å kunne tvangsutløyse resten av eigarane.
Planen om å ta selskapet av børs vart sett på vent, men ikkje lagt på is.
No sikrar Witzøe og Domstein-familien seg over 90 prosent av aksjane i selskapet og kan gjere som dei vil.

Ny framgangsmåte

Planen bak å ta Domstein ASA av børs, har heile tida å vore å dele selskapet. Kverva, som er investeringselskapet til storaksjonær og Salmar-günder Gustav Witzøe, er interessert i Domstein ASA si fiskemat-verksemd i Sverige, medan Domstein-brødrene ville drive resten av selskapet vidare gjennom familieselskapet R. Domstein & Co.
Ettar at ikkje nok aksjonærar takka ja til bodet frå Domsteinbrødrene i sommar, har Witzøe og Domstein-brødrene funne ein annan veg til målet.
- Transaksjonen er blitt strukturert litt annsleis enn vi hadde tenkt, seier Rolf Domstein.

Slik gjer dei det

No kjøper først Domstein ASA Kverva sin aksjepost på 81,6 prosent i fiskematprodusenten Lofotprodukter for 245 millionar kroner.
Betalinga til Kverva skjer ved at Domstein ASA utstedar nye aksjar i selskapet (til 10 kroner pr. aksje), som blir verdsette til tilsvarande beløp.
Samstundes har R. Domstein forplikta seg til å kjøpe dei nye aksjane frå Kverva. Utstedelsen av nye aksjer betyr at resten av eigarane sine eigarandel i Domstein ASA blir utvatna, slik at R. Domstein & Co får ein eigarandel på 93 prosent, og makt til å tvangutløyse resten av eigarane.

Låner frå Witzøe

Heilt frå starten har planen om å ta Domstein ASA av børs og dele opp selskapet vore basert på at oppkjøpet av dei andre aksjonærane skulle finansierast med lån frå Witzøe sitt selskap.
Grunnen var rett og slett at R. Domstein & Co ikkje hadde midlar til å gjennomføre ein slik operasjon. Det har ikkje endra seg sidan i sommar.

Deler selskapet

Når Domstein ASA er tatt av børs skal selskapet delast.
Kverva overtek Lofotprodukter og verksemdene i Sverige (to fabrikkar og eit sals/distribusjonsselskap), medan familieselskapet R. Domstein & Co skal drive fiskematdistributøren Domstein Sjømat med varemerket Enghav, tradingselskapet Domstein Fisk i Måløy, eigedomsverksemda og eige aksjenposten på 50 prosent i Ervik Havfiske.

Styre-ja under tvil

Styret i Domstein ASA, med styreleiar Anne Breiby i spissen, rådde i sommar aksjonærane i til å takke ja til bodet frå Domsteinbrødrene.
Men tilrådinga vart gjort under tvil, mellom anna fordi ei verdivurdering styret henta inn konkluderte med at selskapet kunne vere verdt over 150 millionar kroner, medan bodet frå Domsteinbrødrene berre verdsette selskapet til 77 millionar.


Mangelen på alternativ var ein av grunnane til at styret rådde aksjonærane til å takke ja:
"Slik eierstrukturen er i dag, hvor tilbyder (Domsteinbrødrene, red.merk) eier nærmere 50 prosent av aksjene, er Domstein lite egnet som børsnotert selskap. Styret vurderer at det, gitt nåveærende eierstruktur, finansielle situasjon og resultatutvikling ikke foreligger andre reelle strategiske alternativet for selskapet. Dette gjenspeiles i at kursen på selskapets aksjer har ligget i underkant av tilbudsprisen i etterkant av offentilgjøring av tilbudet. Styret har følgelig ikke iverksatt inititativ for å etablere konkurrere tilbud.", heitte det i børsmeldinga styret sende ut.
Transaksjonen er blitt strukturert litt annsleis enn vi hadde tenkt.

Publisert: 01.10.2014 10:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38