Snittloenn i Statoil paa ein million
STATOIL: Snittløna i Statoil er på over ein million kroner. Tillitsvald meiner at ingeniørar og direktørar på land dreg opp snittet. Her hovedkontoret på Lura ved Stavanger.
Nytt

Snittlønn i Statoil på éin million

Snittlønna i Statoil er komen opp i éin million kroner.

20.10.2014
(NPK-NTB): Nivået er 44 prosent høgare enn i 2010.
Reine lønnskostnader låg i fjor på 23,5 milliardar kroner, fordelt på 23.115 tilsette, ifølgje årsrekneskapen, skriv .
Det gir ei snittlønn på 1,02 millionar kroner. Til samanlikning låg snittlønna i Norske Skog-konsernet i fjor på 490.000 kroner.
Tala inkluderer lønnsutbetalingar og fordelar som mange tilsette har, av typen fri bil, fri telefon, fri bustad, rentefordelar og skattepliktige forsikringar, men ikkje utgiftene bedrifta har til pensjon og arbeidsgjevaravgift, eller eingongskompensasjon knytt til sluttpakker og nedbemanning.

Bensinstasjonane ute

Statoils informasjonsdirektør Jannik Lindbæk påpeikar at mykje av oppgangen kjem av at Statoil i 2012 kvitta seg med bensinstasjonane. Då forsvann mange lågtlønte medarbeidarar.
Statoil har i tillegg hatt ein auke i talet på utanlandsstasjonerte medarbeidarar, som aukar kostnaden per årsverk. Selskapet har også tilsett mange i andre land med høgt oljelønnsnivå.

Direktørane pressar opp snittet

Tillitsvalt for Statoil-tilsette på plattformane i Nordsjøen, Bjørn Asle Teige, meiner lønnsnivået i Statoil er pressa opp av direktørar og ingeniørar på land. Han viser til at berre rundt 5.000 av dei 20.000 Statoil-tilsette i Noreg jobbar offshore. Desse har ei tarifflønn på maksimalt 650.000 kroner ifølgje Teige.
– Med overtid tener dei i snitt rundt 700.000-800.000. Mine medlemmer trekkjer ned snittet, seier han til Dagens Næringsliv.
 Mine medlemmer trekkjer ned snittet

Publisert: 20.10.2014 08:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38