Snorre Seafood vekst paa doera
VEKST: Fiskeforedlingsbedrifta Snorre Seafood driv den frittståande fiskebutikken i Måløy (biletet) og eigen butikk i butikken hos Coop i Ørsta. Men det er leveransar til Adams Matkasse som sørga for den sterke veksten i driftsinntektene i fjor. 
Nytt

Snorre Seafood-vekst på døra

Snorre Seafood har alliert seg med Adams Matkasse. Det auka salet med over ti millionar kroner.

22.07.2015
Fiskeforedlingsbedrifta på Raudeberg i Vågsøy auke driftsinntektene frå 36,3 til 47,5 millionar kroner i 2014 (sjå tabell).
Grunnen er i hovudsak samarbeidet med Adams Matkasse i Bergen. Samarbeidet starta i august 2013, og slo kraftig ut i 2014-reknskapen.
- Det er stort sett her omsetninga vår har auka, seier leiar og storaksjonær Steven Jensen.

Rett på døra

Adams Matkasse leverer ei kasse med råvarer og middagsoppskrifter rett på døra til kundane kvar mandag. Kundane kan velje mellom ulike kasser, alt etter kva slags mat, kor mange middagar og personar dei vil ha råvarer til.
- Vi jobbar tett med dei, seier Jensen.
Det betyr mellom anna produktutvikling spesielt tilpassa Adams Matkasse.
Adams Matkasse største eigar er svenske Carolinas Matkasse AB, som driv Linas Matkasse etter same oppskrift i Sverige. I 2014 hadde Adams Matkasse 129 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 20 millionar. Selskapet blei etablert i 2013 og den svenske eigaren kom inn i 2014.

Investeringar

I lys av investeringane som måtte til for å handtere veksten i fjor er Jensen godt nøgd med resultatet til Snorre Seafood.
Firmaet bearbeidar i aukande grad frosen fisk, som blir pakka om i forbrukarpakningar til butikkmarknaden. Selskapet er lokal leverandør av fisk til butikkar i Sogn og Fjordane og Sunnmøre, med Norgesgruppen som største kunde, men leverer og over heile landet.
Jensen ventar ein vekst på rundt fem millionar kroner i driftsinntekter i år, og ei lønsemd på line med fjoråret.
Sterk auke i fiskeprisane sidan i fjor sommar har auka kostnadane, utan at Snorre Seafood har greidd å auke prisane sine tilsvarande. Det gjer at Jensen meiner det er meir krevjande å tene pengar i år enn i fjor.

Butikk i butikk

I fjor la Snorre Seafood ned den frittståande fiskebutikken sin i Ulsteinvik og opna samstundes ein fiskebutikk inne i butikk hos Coop Xtra i Ørsta Sentrum. Tanken er å prøve ut ein slik modell, og opne fleire butikkar etterkvart. Førebels er det for tidleg å konkludere om ideen er verdt å ta vidare.

- Der har vi fått ein veldig bra butikk, men det er for lite omsetning. Ein butikk som dette må jobbast opp over tid, seier Jensen.

Publisert: 22.07.2015 11:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45