Snudde lang tapsrekke til pluss
Etter å ha tapt over 1,2 milliardar kroner i åra 2015-2019, fekk Ulsmo overskot i fjor. Ulstein-søskena trur på nytt bra år.
Ulsmo-konsernet er eigd av Ulstein-søskena Gunvor, Ingerid, Tore, Idar Marius og Vegard - kvar med 20 prosent. Satsinga er delt i områda finans, bustad og maritim, og det var spesielt innanfor børsnoterte aksjar og eigedom at familieselskapet gjorde det bra i fjor.
Totale inntekter kom opp i vel 1,9 milliardar kroner, som var ein nedgang frå 2,7 milliardar kroner frå året før, spesielt knytt til lavare aktivitet ved Ulstein Verft.
Resultatet før skatt enda på 82 millionar kroner, mot minus 125 millionar kroner i 2019.
Familieselskapet tapte pengar i perioden 2015 til og med 2019, men hadde eit samla resultat før skatt på 918 millionar kroner i dei tre åra før nedturen.
(saka held fram etter tabellen)
Ulsmo | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 1947 | 2786 | |
Driftsresultat | 45 | -173 | |
Resultat før skatt | 82 | -125 |
Aksjegevinst
Ulsmo har ein samla eigenkapital på 1,6 milliardar kroner og null i langsiktig gjeld.
Ved årsskiftet sat selskapet på 624 millionar kroner i børsnoterte aksjar. Avkastninga gjennom året var på 103 millionar kroner, noko som utgjorde 13,8 prosent. Det var langt betre enn referanseindeksen.
Men styret er ikkje like optimistiske for utviklinga på børsen framover, og viser til at høg selskapsprising kombinert med betydeleg fare for renteoppgang, gjer at dei langsiktige utsiktene er relativt svake.
Les også
Viktig innfartsveg
Derimot er styret langt meir optimistisk for eigedomsmarknaden på Sunnmøre, sjølv om bustadprisane i Møre og Romsdal har stige med 22 prosent på fem år.
Selskapet har rundt 40.000 kvadratmeter bygningsmasse til utleige i Ålesundregionen og Ulsteinvik, og her var alt utleigd ved årsskiftet.
Styret viser til at marknaden i Ålesund-regionen er godt innanfor både kontor, lager og logistikk, og der ein meiner at den nye hovedinnfartsvegen til Ålesund vil gi eit betydeleg løft for heile regionen.
Storsatsing i Ålesund
I 2020 selde Ulsmo rundt 60 leilegheiter og bustader til ein samla verdi på rundt 200 millionar kroner.
Det store prosjektet er Fri Sikt Voldsdalsberga i Ålesund, med totalt 159 leilegheiter fordelt på seks bustadblokker.
Her flytta dei første inn i januar 2021, og i september i år opplyste adm. dir. Ingerid Ulstein i Ulsmo at totalt var 118 leilegheiter selde.
Tredje byggetrinn skal vere ferdig i 3. kvartal 2023, men Ulstein-familien ønsker å satse vidare i området med nye utbyggingar.
Les også
Verftspluss
Også den maritime satsinga gjennom Ulstein Group hadde eit positivt årsresultat i fjor, etter at Ulstein Verft for første gong gjekk i pluss sidan 2013.
Styret viser til at 2020 var prega av korona og omstilling til nye marknadssegment, men meiner at selskapet er godt posisjonert innanfor dei områda ein no satsar på.
Totalt hadde Ulsmo-konsernet 508 tilsette ved årsskiftet, der 498 arbeidde innanfor den maritime delen.
Av dei 508 var det 104 kvinner.
Publisert: 15.09.2021 05:50
Sist oppdatert: 15.09.2021 20:06