Nytt
Snøkrabbe-feberen har kjølna
Krabbebåten Hunter frå Herøy skal på ein ny sesong, men den store optimismen i snøkrabbefisket har kjølna.
30.08.2017
- Det ser ganske lovande ut for dei som snakkar om eit stort snøkrabbefiske, sa forskar Carsten Hvingel ved Havforskingsinstiuttet, i eit foredrag på fiskerteknologi-konferansen FishTech 2016 i Ålesund i mars i fjor.
Han spådde at det i løpet av 15 år ville vere grunnlag for eit fiske på til saman mellom 50 og 150 tusen tonn i året i Barentshavet, med ein årleg verdi på minst 2,5 milliardar kroner.
No tek Nofima-forskar Gøril Voldnes forventingane kraftig ned.
- Det har ikkje slått til, seier ho om prognosane.
Ho har marknadsanalyse som spesiale og har dei siste åra mellom anna arbeidd med snøkrabbe. Voldnes kom med sine vurderingar under konferansen "Framtidas fiskebåt" på Blue Fish-messa i Ålesund i går.
Jøran Helde i fiskebåtreiarlaget Havøy Kystfiske i Herøy er ein av dei som satsa på snøkrabben.
Reiarlaget utrusta fiskebåten "Hunter" og sende den nordover i februar i år. Havøy Kystfiske har og to fiskebåtar som fiskar i Nordsjøen.
Resultatet blei ikkje noko å skryte av.
- Det blei langt under dei ein håpa, og langt under det som var realistisk, seier Helde om utbyttet.
Men det er ikkje snakk om å kaste inn handkleet trass i ein dårleg første sesong. Neste år er skal "Hunter" på ny nordover, seier Helde.
Fisket blir organisert som eit såkalla olympisk fiske, som er eit kappløp der alle fiskar det dei kan inntil den totale kvoten er fiska opp.
I år har det vore 11 båtar som har vore aktive i fisket, men mange fleire som har sikra seg lisensar, i følgje Voldnes.
Jobbar på krabbebåtar var ettertrakta, "Hunter" fekk over 400 søkjarar då reiarlaget søkte etter folk.
Dessutan er det andre reglar for snøkrabbe enn for fisk. Den norsk-russiske fiskeriavtalen gir russarar og nordmenn rett til å fiske på felles fiskeressursar i kvarandre sine soner. For krabbe er det annleis. Når krabben er i russisk sone er det berre russararane som kan fiske den, og omvendt når den er i norsk sone.
Problemet sett frå norsk krabbefiskarar si side er at krabben er mest i Russland.
Trass i at omfanget av snøkrabbefisket langt fra blir så stort som tidlegare spådd meiner Voldnes likevel det er ein lovande ressurs å utnytte. Men potensialet ligg i å marknadsføre krabben som ei velsmakande og eksklusiv vare, ikkje eit masseprodukt.
Han spådde at det i løpet av 15 år ville vere grunnlag for eit fiske på til saman mellom 50 og 150 tusen tonn i året i Barentshavet, med ein årleg verdi på minst 2,5 milliardar kroner.
No tek Nofima-forskar Gøril Voldnes forventingane kraftig ned.
- Det har ikkje slått til, seier ho om prognosane.
Ho har marknadsanalyse som spesiale og har dei siste åra mellom anna arbeidd med snøkrabbe. Voldnes kom med sine vurderingar under konferansen "Framtidas fiskebåt" på Blue Fish-messa i Ålesund i går.
Innførte kvote
I sommar innførte norske styresmakter kvotar på snøkrabbefisket for første gang, 4000 tonn i norsk sone.Jøran Helde i fiskebåtreiarlaget Havøy Kystfiske i Herøy er ein av dei som satsa på snøkrabben.
Reiarlaget utrusta fiskebåten "Hunter" og sende den nordover i februar i år. Havøy Kystfiske har og to fiskebåtar som fiskar i Nordsjøen.
Resultatet blei ikkje noko å skryte av.
- Det blei langt under dei ein håpa, og langt under det som var realistisk, seier Helde om utbyttet.
Tapte på is
"Hunter" sleit med mykje is i farvatna båten fiska i til langt ut i mai, og merka og at selskapet hadde innkøyingskostnada i det nye fisket, i følgje Helde.Men det er ikkje snakk om å kaste inn handkleet trass i ein dårleg første sesong. Neste år er skal "Hunter" på ny nordover, seier Helde.
Fisket blir organisert som eit såkalla olympisk fiske, som er eit kappløp der alle fiskar det dei kan inntil den totale kvoten er fiska opp.
Store investeringar
Voldnes vil ikkje anslå kor mykje norske fiskarar har investert i snøkrabbefiske, men seier det totalt sett er snakk om store beløp.I år har det vore 11 båtar som har vore aktive i fisket, men mange fleire som har sikra seg lisensar, i følgje Voldnes.
Jobbar på krabbebåtar var ettertrakta, "Hunter" fekk over 400 søkjarar då reiarlaget søkte etter folk.
Mest i Russland
Voldnes meiner grunnen til at snøkrabbefisket ikkje har innfridd forveningane blant anna skuldast at grunnlaget for å spå den store veksten i fisket var for lite solid. Ein hadde rett og slett ikkje nok observasjonar til å slå fast kor stor snøkrabbebestanden kunne bli.Dessutan er det andre reglar for snøkrabbe enn for fisk. Den norsk-russiske fiskeriavtalen gir russarar og nordmenn rett til å fiske på felles fiskeressursar i kvarandre sine soner. For krabbe er det annleis. Når krabben er i russisk sone er det berre russararane som kan fiske den, og omvendt når den er i norsk sone.
Problemet sett frå norsk krabbefiskarar si side er at krabben er mest i Russland.
Trass i at omfanget av snøkrabbefisket langt fra blir så stort som tidlegare spådd meiner Voldnes likevel det er ein lovande ressurs å utnytte. Men potensialet ligg i å marknadsføre krabben som ei velsmakande og eksklusiv vare, ikkje eit masseprodukt.
Det blei langt under dei ein håpa, og langt under det som var realistisk
Publisert: 30.08.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13