Erik Tonne Clarksons foto Marius
IMPONERT: Analysesjef Erik Tønne i Clarksons påpeiker at dei fleste store offshoreskipa som er bestilt det siste året, blir bygd på spekulasjon. Han er både imponert over risikovilje og gjennomføringsevne hos reiarane i regionen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Analysesjef er imponert over sunnmørsreiarane

– Tek ein veldig stor risiko, seier Clarksons-analytikar om milliardinvesteringar i nye skip – som i hovudsak er bygd på spekulasjon.

Marius Rosbach
14.04.2025

Analysesjef Erik Tønne i Clarksons er mektig imponert over vilja til å satse hos i offshore og fornybarmarknaden hos reiarar på Nordvestlandet. 

Nyleg var drammensaren på eitt av sine etter kvart mange besøk til regionen på offshoreseminar i Fosnavåg. Då kunne han mellom anna fortelje at «alle drivarane peikar opp» for subseasegmentet. 

– Eg trur ikkje vi får ei bølgje med nybygg, slik vi fekk i fjor – men vi trur det vil kome nokre fleire slike skip, fortel Tønne til Nett No. 

I løpet av det siste året er det bestilt kring 20 nye skip i denne delen av marknaden. Fleire av desse skipa er bestilt av reiarar frå Sunnmøre og Nordvestlandet – noko som ikkje overraskar Tønne.

Mykje er bygd på spekulasjon
Av større konstruksjonsskip under bygging av reiarar frå nordvest skal Rem Offshore bygge to skip ved Myklebust, Island Offshore har tinga to skip som Vard skal bygge, og Olympic-reiarlaget kom i vinter med nyheita om at dei bygger to skip i Kina. 

– Stort sett alle saman er bygd på rein spekulasjon. Reiarane bestiller altså desse båtane til 100 til 120 millionar dollar (1, MRD  I norske kroner (journ. anm.), utan kontrakt med to til tre års byggetid, påpeiker Tønne. 

Eit stort konstruksjonsskip Rem Offshore bygger på Myklebust er unntaket. Ein avtale med Deepocean gjer at skipet er sikra arbeid for Equinor i heile åtte år. 

Island Offshore vard 11
SØSTERSKIP: Island Offshore har bestilt to slike konstruksjonsskip for bygging hos Vard, og har opsjon på ytterligere ett skip. Illustrasjon: Vard

– Dei tek ein veldig stor risiko
– Det er i hovudsak ikkje lenger slik at ein stor operatør seier at «vi treng ein slik og sånn båt i fem år», også bygger eitt av reiarlaga den, seier Tønne. 

– Det veddemålet dei tek, er at marknaden er sterkt når båten kjem. Dei tek ein veldig stor risiko, som det skal bli svært interessant å sjå korleis spelar seg ut, legg han til. 

I mange år har spesielt Sunnmøre vore eit tyngdepunkt i det som tradisjonelt er kalla oljeservice. 

– Folk her i regionen har ein eigen «drive» og dei tør å satse. Fleire av dei har gått over ende, men har reist seg igjen, seier han om reiarmiljøet i regionen. 

Folk her i regionen har ein eigen «drive» og dei tør å satse
Erik Tønne

Blei svekka etter oljeprisfallet
Etter oljeprisfallet i 2014 blei bransjen på Nordvestlandet svekka, samanlikna med andre regionar. Det skjedde ikkje minst som følgje av at Farstad- og det tidlegare Rem-reiarlaget blei slukt av Solstad. 

Likevel har regionen framleis store reiarlag som Island Offshore, Olympic og nemnte Rem – som no Åge Remøy har bygd opp til å bli eit større reiarlag enn før offshorekrisa. 

Samtidig er Farstad-familien med på å bygge opp reiarlaget Norwind Offshore i Ålesund.

Trur satsinga vil løne seg
Tønne meiner samtidig det er gode grunnar til å vere optimistisk til at satsinga vil løne seg, og at det vil vere behov for den nye tonnasjen i mange år framover. 

– Spørsmålet er korleis reknestykket går opp til slutt med høge nybyggingsprisar og nivået på ratane når båten kjem i marknaden. 

Under offshoreseminaret i Fosnavåg tidlegare i år, peika Clarksons-analytikarane har marknaden for desse båtane er i ferd med å utvidast. Til eksempel får fleire av skipa som blir bygd til havvindparkar, også stadig meir variert arbeid med inspeksjon, vedlikehald og andre spesialoppdrag.

Meir vanskeleg for PSV-ar
Også i PSV-segmentet er det kring 20 båtar under bygging. Ut frå dagens ratenivå meiner Tønne det er meir vanskeleg å forsvare nybygg av slike forsyningsskip.  

Han meiner ratane anten må bli høgarem eller så må operatørane kome med lange kontraktar, som gjer nybygg mogleg. 

– Per no ser vi lite av dette, med unntak av Petrobras i Brasil. Difor får ein heller ikkje noko bølgje med nybygg i dette segmentet, seier han.

Trur ikkje på nye ankerhandteringsskip 
For ankerhandteringsskip ser ikkje analysesjefen føre seg at det blir noko aktivitet med bygging av nye skip med det første. Unntaket vil vere om store oljeselskap skulle bestille ein båt, eller tildele lang kontrakt. 

– Prisane for nybygg i segmentet har stege veldig, og dagens ratar og utnyttingsgrad er langt unna å kunne rettferdiggjere nybygg for større skip, seier Tønne. 

Ordreboka i segmentet er minimal og alt av bestillingar, er mindre skip til Persiagulfen.

Publisert: 14.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 13.04.2025 22:29

Mer om