Trygve Slagsvold Vedum foto Ogne
JOKER: Trygve Slagsvold Vedum og Sp sit på vippen i spørsmålet om drivstoffavgift-kutt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sp blir jokeren: – Vil stemme for alle forslag som gir lågare drivstoffavgifter

Det ser ut til at Sp vil støtte høgresida når spørsmålet om drivstoffprisar skal opp i Stortinget i dag.

26.03.2026

NPK-NTB: Torsdag morgon seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRKat dei kjem til å stemme for «alle forslag» som kan få avgiftene ned alt i dag.

Vedum gir samtidig uttrykk for at partiet kjem til å støtte Høgres forslag. Både Høgre, KrF og Framstegspartiet har lagt fram forslag om mellombels fjerning av vegbruksavgifta på diesel og bensin.

Fleire parti på raudgrøn side meiner ein bør komme tilbake til eventuelle tiltak mot prisveksten først når revidert nasjonalbudsjett skal behandlast.

Arbeidarpartiet kjem til å levere eit eige forslag til Stortinget, og ifølgje NRK tek det nettopp til orde for å be regjeringa komme tilbake med tiltak mot høge levekostnader for befolkninga i revidert nasjonalbudsjett. Men utan Sps stemmer får forslaget ikkje fleirtal.

Sp gjekk onsdag saman med Høgre, Frp og KrF og sikra fleirtal for å hastebehandle eit forslag frå Høgre om å mellombels fjerne vegbruksavgifta.

Arbeidarpartiet og dei raudgrøne partia hadde i går fleire møte for å løyse drivstoff-floka, men kom ingen veg.

Publisert: 26.03.2026 09:27

Sist oppdatert: 26.03.2026 09:27