- Vi har tre nybygg på gang i nær framtid, seier Inge Bertil Straume, leiar for fiskebåt-avdelinga i Skipsteknisk.
Kven som skipsdesignselskapet har kontrakter med er førebels ikkje offentlegjort, men Straume seier det er kontakter av same storleik som den som blei offentleggjort i dag, ein fabrikktrålar til rundt 400 millionar kroner som Simek i Flekkefjord skal bygge for Sealord Group på New Zealand.
Det betyr i så fall oppdrag for rundt 1,2 milliardar kroner. Det er gode sjansar for at oppdraga kan hamne i Noreg, meiner Straume - men nye finansieringsordingane i Spania skaper uvisse.
Spania har lenge hatt ei ordning som stimulerer bygging av offshorebåtar ved spanske verft. No blir den same ordninga også teken i bruk for fiskebåtar.
- Det er ein "dark horse" i høve til norske verft, og det er Spania, seier Straume.
Kort sagt får spanske investorar lette i formuesskatten dersom dei investerer i eit nybygg som blir bygd i Spania, og eig skipet i tre år, medrekna byggeperioden. Den eigentlege kjøparen leiger skipet og overtek først når treårs-perioden er omme.
Straume anslår subsidieeffekten av denne ordninga å utgjere rundt 10 prosent av prisen, slik at ordninga utgjer ein betydeleg konkurranseeffekt.
Canadiarane takka nei, mellom anna fordi canadiske reglar gjorde det ugunstig for dei å importere eit bruk farty - som det juridisk er snakk om når skipet skal leigast i starten. Straume trur vi får ein tilsvarande effekt i Noreg, der båt og kvoterettar er knytt saman, som gjer det vanskeleg for norske fiskebåtreiarar å nytte seg av ordninga.
Han ventar politiske reaksjonar.
- Det vil bli furore rundt dette, seier Straume.
I verftsbransjen har det vore ein årelang debatt om norske verft konkurrerer på like vilkår med utanlandske, og på verftskonferansen i 2014 etterlyste styreleiar Kjersti Kleven i Klevenkonsernet større innsats frå norske styresmakter for å kartlegge eventuelle ulovlege subsideordningar hos utanlandske verft.
Hos Klevenverftet i Myklebust Verft blir det bygd ein trålar for det spanske fiskebåtreiarlaget Pesquera Ancora S.L.U.
- Kontrakten stadfestar at vi er konkurransedyktige i ein svært tøff konkurransesituasjon internasjonalt, og det at eit spanske reiarlag kjem til Noreg for å bygge fiskebåt er i seg sjølv oppsiktsvekkande, sa konserndirektør Ståle Rasmussen til NETT NO i mars i år.
Kven som skipsdesignselskapet har kontrakter med er førebels ikkje offentlegjort, men Straume seier det er kontakter av same storleik som den som blei offentleggjort i dag, ein fabrikktrålar til rundt 400 millionar kroner som Simek i Flekkefjord skal bygge for Sealord Group på New Zealand.
Det betyr i så fall oppdrag for rundt 1,2 milliardar kroner. Det er gode sjansar for at oppdraga kan hamne i Noreg, meiner Straume - men nye finansieringsordingane i Spania skaper uvisse.
Ny spansk konkurranse
Kuppforsøket i Tyrkia tidlegare i sommar har gjort tyrkiske verft mindre attraktive. Ein del reiarar vurdere den politiske risikoen ved å byggje i Tyrkia til å vere for stor, i følgje Straume.Spania har lenge hatt ei ordning som stimulerer bygging av offshorebåtar ved spanske verft. No blir den same ordninga også teken i bruk for fiskebåtar.
- Det er ein "dark horse" i høve til norske verft, og det er Spania, seier Straume.
Kort sagt får spanske investorar lette i formuesskatten dersom dei investerer i eit nybygg som blir bygd i Spania, og eig skipet i tre år, medrekna byggeperioden. Den eigentlege kjøparen leiger skipet og overtek først når treårs-perioden er omme.
Straume anslår subsidieeffekten av denne ordninga å utgjere rundt 10 prosent av prisen, slik at ordninga utgjer ein betydeleg konkurranseeffekt.
Ikkje norske reiarar
Då Skipsteknisk i fjor haust inngjekk kontrakt om å teikne eit farty for det candiske fiskebåtreiarlaget M.V. Osprey Ltd var spanske verft på banen for å sikre seg byggekontrakten, med den nye finansieringsordinga som lokkemiddel.Canadiarane takka nei, mellom anna fordi canadiske reglar gjorde det ugunstig for dei å importere eit bruk farty - som det juridisk er snakk om når skipet skal leigast i starten. Straume trur vi får ein tilsvarande effekt i Noreg, der båt og kvoterettar er knytt saman, som gjer det vanskeleg for norske fiskebåtreiarar å nytte seg av ordninga.
Furore
For mange utanlandske reiarlag trur imidlertid Straume at den spanske ordinga kan vere attraktiv.Han ventar politiske reaksjonar.
- Det vil bli furore rundt dette, seier Straume.
I verftsbransjen har det vore ein årelang debatt om norske verft konkurrerer på like vilkår med utanlandske, og på verftskonferansen i 2014 etterlyste styreleiar Kjersti Kleven i Klevenkonsernet større innsats frå norske styresmakter for å kartlegge eventuelle ulovlege subsideordningar hos utanlandske verft.
Mot straumen
Trass den nye finansieringordninga for fiskebåtar er det ikkje berre for spanske verft å sope til seg det som kjem av oppdrag.Hos Klevenverftet i Myklebust Verft blir det bygd ein trålar for det spanske fiskebåtreiarlaget Pesquera Ancora S.L.U.
- Kontrakten stadfestar at vi er konkurransedyktige i ein svært tøff konkurransesituasjon internasjonalt, og det at eit spanske reiarlag kjem til Noreg for å bygge fiskebåt er i seg sjølv oppsiktsvekkande, sa konserndirektør Ståle Rasmussen til NETT NO i mars i år.
Det er ein "dark horse" i høve til norske verft, og det er Spania,
Publisert: 31.08.2016 13:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00