Trond Lars Nydal Bors og Bacalao 2025 foto Ogne
Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sparebanken heldt koken på starten av året

Aktiviteten aukar for satsing på forvaltning – men resultat og tap er lågare.

30.04.2025

Sparebanken Møre leverte tall for første kvartal tidleg onsdag. Tala viser inntekter og resultat litt under nivået frå første kvartal i fjor (sjå tabell under).

Netto renteinntekter gjekk sank i kvartalet og enda på 485 millionar kroner – 4,5 prosent ned frå same periode i fjor. 

Les børsmelding her (ekstern lenke)

Sparebanken Møre vart tysdagens vinnar frå regionen på Oslo børs. Prisen per eigenkapitalbevis bikka 100 kroner i løpet av dagen. Onsdag morgon sank kursen etter børsopning og låg ved 9.30-tida på 99,45 kroner.

Vekst i både person- og næringslivsmarknaden
Banken samtidig auka utlån til kundar både i privat- (7,2 prosent) og bedriftsmarknaden (5,4 prosent) i løpet av den siste 12 månadarsperioden. 

Det er ei lita reduksjon i veksten for privatkundar og ein liten auke for bedriftskundane, samanlikna med utviklinga førre kvartal.

– Det er tøff konkurranse om kundane, men vi veks godt i både person- og næringslivsmarknaden, uttaler administrerande direktør Trond Nydal i ei pressemeldinga om resultata. 

Auka inntekter frå kapitalrådgiving
Andre inntektene auka 24 prosent i kvartalet, til 82 millionar kroner. Hovudårsaka er banken si satsing på kapitalrådgiving.

Første kvartal viser ein reduksjon i tapa på 23,5 prosent, samanlikna med samme periode i 2024. Tap i kvartalet utgjorde 13 millionar, ifølgje kvartalsrapporten.

Banken skriver i ei pressemelding at utgangspunktet for norsk økonomi er relativt bra. Arbeidsløysa er framleis låg og aktivitetsnivået viste teikn til å ta seg opp i første kvartal i dei fleiste næringar. Høg lønnsvekst kombinert med lågare prisvekst ser dessutan ut til å sikre hushaldningane ein viss oppgang i kjøpekrafta i år.  

Sparebanken Møre  
1. kvartal. I mill. kroner20252024
Inntekt567578
Resultat før tap314350
Resultat før skatt302333

Publisert: 30.04.2025 08:34

Sist oppdatert: 30.04.2025 09:32

Mer om