Sparer to millionar paa sensor
MEIR EFFEKTIVT, BETRE TILBOD: Teknologi effektiviserer helsetilbodet i kommunane og betrar tilbodet til brukarane, meiner Marit Botnen, kommunalsjef for helsesektoren i Ulstein kommune.
Nytt

Sparer to millionar på sensor

Ulstein kommune sparer to millionar kroner i året ved å bruke sensorar i to omsorgsenter.

02.10.2017
- Vi har som mål i Ulstein kommune å ha ein meir effektiv helseteneste, og det er faktisk lov å snakke om det, seier kommunalsjef for helsetenestene i Ulstein, Marit Botnen.
Kommunen er ein foregangskommune i å ta i bruk ny teknologi i helsesektoren, og det er grunnen til at Botnen blei inviterte som foredragshaldar på it-selskapet Atea sin digitialiseringskonferanse "Lets tech up" i Ålesund i dag.
Innstillinga til teknologi og nytenking har endra seg i helsesektoren, meiner Botnen.
- Det er ikkje så mange år sida innovasjon var eit fyord for oss i helse og omsorg, seier ho.

Registrerer fall

Innsparinga på to millionar kroner som Botnen viser til, kjem at kommunen no greier seg med ei nattevaktstilling mindre enn den ellers ville gjort, takka vere infraraude sensorar i rom til ein del av bebuarane.
Desse fangar mellom anna opp fall, og andre eventuelle hendingar som gjer at det er behov for hjelp, og gir eit varsel til helsepersonell på jobb. Utan denne teknologien måtte Ulstein ha ei ekstra nattevakt, til ein samla kostnad på to millionar kroner i året, i følgje Botnen.
Ho seier både politikarar og tilsette i Ulstein er positive til på ta i bruk ny teknologi i helsesektoren.

Betre for brukarane

At Ulstein sparer pengar til nattevakter er den eine delen av gevinsten med nye teknologi, slik Botnen ser det. Den andre at brukarane får det betre.
I staden for å kikke innom pleietrengdande pasienter på sjukeheimar og omsorgsbustadar på nattestid for å sjekke at alt er som det skal, og kanskje vekke bebuarane i same slengen, kan dei no sove i fred og få besøk berre når det er behov.

Samarbeid på Sunnmøre

Alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre; Ulstein,Vanylven, Sande, Herøy, Hareid, Volda og Ørsta, er med i eit samarbeid om å ta ta i bruk og utvikle bruk av ny teknologi i helsesektoren, der dei testar ulike løysingar og deler erfaringa med kvarandre.
No er også Ålesund og kommunane rundt Ålesund trekt inn i eit samarbeid, og kommunane deler mellom anna på bruken av ei forsøksleilegheit på NTNU der ny helseteknologi blir testa.
Kommunane i Møre og Romsdal samarbeider og om utvikling og bruk av helseteknologi gjennom
På grunn av auken talet på eldre talet trur ikkje Botnen at ny teknologi vil gjer at folk misser jobben i helsesektoren, men teknologien kan gjere at det er råd å gi eit tilbod utan at helsesektoren vil stange i taket når det gjeld å få tak i folk.

Publisert: 02.10.2017 13:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14