Spektakulaert skihopp lokkar turistar til Nordfjord
NORDFJORD: Fred Syversen på båttur på Loenvatnet, ei av 107 opplevingar han lokkar turistar til Nordfjord med.
Nytt

Spektakulært skihopp lokkar turistar til Nordfjord

Så langt har 378 000 personar sett filmen «Nordfjord 107 Moments». Inspirasjonen er henta frå eit skihopp, som kunne enda fatalt.

26.06.2018
Visit Nordfjord melder om suksess med filmen "Nordfjord 107 Moments", som vart lansert 8. april, og har vorte spreidd i stort omfang gjennom sosiale medier.
Historia tek utgangspunkt i at det er ti år sidan den norske frikøyraren Fred Syversen vart verdskjend for eit skihopp ein til dags dato ikkje har sett liknande til. Under innspelinga av ein frikøyringsfilm i Alpane, køyrde han ved eit uhell utfor eit stup på 107 meter, men utruleg nok kom Syversen frå hendinga med berre nokre få skrammer.

Ei oppleving for kvar meter skihopp

I dag har Syversen gjort nordfjording av seg, og i høve 10-årsjubileet for hoppet gav Visit Nordfjord Syversen ei litt anna utfordring; å gjennomføre 107 opplevingar i Nordfjord, eitt per meter og alt i løpet av kun ei helg.
- Gjennom Fred si historie skulle vi vise breidda av moglegheiter i området og skape reiselyst for turistar i inn- og utland. Samtidig vart produksjonen eit flott høve til å fylle eigne kanalar med innhald som vi tidlegare ikkje hadde.
- Basert på dei foreløpige målingane, kan vi seie at vi har treft ein nerve og at kampanjen er ein stor suksess, seier reiselivssjef Marita Lindvik i pressemeldinga.

Vil skape reiselyst

Ho opplyser at bakgrunnen for å lage innhaldskampanjen Nordfjord Moments var å skape reiselyst gjennom ei interessant historie med Nordfjord som ramme, vise regionen som ein arena full av moglegheiter, og skape nysgjerrigheit til å utforske området i meir detalj på nettet.
- Konseptet i sin heilskap representerer ei oppleving som ikkje berre er utfordrande i høgde, lengde og tempo, men som blir eit høve til å demonstrere Nordfjord si kompakte breidde under merkevareløftet «alt i ein fjord».
- Bodskapen informerer sjåarane at Nordfjord er destinasjonen der opplevingane er mange med høg kvalitet, og at det finst berre eitt Nordfjord!

Fleire småfilmar

Visit Nordfjord opplyser at det også er utarbeidd ti småfilmar med utspring i hovudfilmen Nordfjord 107 Moments. Dei korte filmsnuttane er tenkt å bidra til å spreie kampanjekonseptet og Nordfjord si merkevare meir målretta mot målgruppene.
Selskapet har fått støtte for satsinga frå Innovasjon Norge, Stryn Næringssamskipnad og Nordfjordrådet.
Visit Nordfjord opplyser også at den heilt nye filmen «Nordfjordingen» har hausta gode sjåartal og tilbakemeldingar på sosiale media. Sidan lanseringa 15. juni har over 38.000 sett filmen. Her er målet var å lage ein film med eit humoristisk skråblikk på Nordfjord og Nordfjordingen. Her er det lokale krefter som både har manus, film og regi..
Her kan ein sjå alle filmane:
Nordfjord Moments/meter with Fred Syversen:
Nordfjord Moments – Loen Skylift:
Nordfjord Moments – Hoddevik:
Nordfjord Moments – Briksdal:
Nordfjordingen «The Nordfjording»:
Bodskapen informerer sjåarane at Nordfjord er destinasjonen der opplevingane er mange med høg kvalitet

Publisert: 26.06.2018 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23