Nordøyvegen skal knyte fastlandet i Haram saman med øyane i kommunen. Haram har sett av over 200 millionar kroner til å finansiere vegen, men fylkeskommunen har ikkje avgjort om vegen skal byggast og krav om kor bratte tunellane kan vere trugar med å velte prosjektet. Det likar ikkje næringslivet i Haram.
Dei innskjerpa krava frå vegstyresmaktene fekk Harøy-bedriftene I.P.Huse og Rostein til å leige revisjonsselskapet Deloitte inn for å vurdere økonomien i vegen.
Deloitte-rapportene konkluderte med at vegen langt på veg vil vere sjølvfinansierande.
Møre og Romsdal Fylkeskommune har leigd inn rådgivingsselskapet Atkins Norge, som saman med Oslo Economics og advokatfirmaet Føyen Torkildsen, også har analysert finansiering og lønsemd i prosjektet
Atkins-rapporten, som er lagt fram i dag, er ikkje like positiv som Deloitte-rapproten og i eit notat peikar Atkins Norge på fleire skilnadar i føresetnadane ligg bak dei ulike konklusjonane.
Blant skilnadane er at Deloitte baserer seg på at sambandet vil koste 3,3 milliardar kroner å bygge, medan Atkins Norge anslår at prislappen blir mellom 3,0 og 3,8 milliardar. Atkins Norge baser seg og på lågare bompengeinntekter, lågare ferjeavløysingsmidlar og fare for høgare rente. Atkins Norge rekna og med rehabiliteringskostnadar på 28 millionar kroner i året og auka ferjekostnadar i anleggsperioden.

Publisert: 20.06.2017 08:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01