Hareald M Andreassen Nordea
FOSNAVÅG: Sjeføkonom Harald M. Andreassen ber folk vaksinere seg så fort dei kan, men er usikker på kva effekten vert av omikrom-viruset. - Og dei som seier dei veit, har ikkje dekning for det, seier han. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Spring og ta tredje dose med ein gong

- Noko skal vi uansett døy av, men problemet er om det døyr veldig mange menneske samstundes. Då får vi store problem.

10.12.2021

Det seier Harald M. Andreassen, sjefsøkonomen i Sparebanken1 Markets.

Under eit foredrag i Fosnavåg torsdag tok han for seg konsekvensane av omikrom-viruset.

Så langt var det ingen dramatikk i marknaden. Rentenivået hadde stupt ein dag eller to, men så normalisert seg.

- Så langt er utslaga udramatiske, men omikrom-viruset er eit heilt anna dyr enn dei virus vi har sett så langt. Det spreier seg på heilt annan måte enn dei variantane vi har hatt hittil, sa Andreassen, og viste til at to personar hadde smitta heile 120 andre under eit julebord i regi av solenergiselskapet Scatec på restaurant Louise på Aker Brygge.

- Ikkje muleg å stoppe
Han viste spesielt til den eksplosive smitteauken i Sør-Afrika, og seinare også i Botswana og Zimbabwe.

- Viruset er ikkje muleg å stoppe. Det er over alt.

I Norge og elles i verda har det lenge vore snakk om R-talet, som verdas helsemyndigheiter har hatt som mål å halde på 1,0-talet eller under. Då smittar ein person ein ny person, og smitten held seg stabil.

No ser ein R-tal på opp mot 3 i Sør-Afrika, noko som fører til ein eksplosiv vekst.

- Eg trudde eigentleg at vi var ferdige med å snakke om R-talet og vi kunne kaste det på søppelhaugen, men så kom omikrom-varianten.

- Vi må få ned smitten
No ligg Norge på eit R-tal på 1,2. Det er for høgt, meiner Andreassen.

- Vi må få ned smitten.

- Det kan sjå ut som om tredje dose avgrensar smitten, og dei som er vaksinerte vert truleg heller ikkje så sjuke.

- Dei som har sjansen bør springe og ta tredje dose med ein gong. Det er ingen grunn til å utsetje det.

Eg er usikker på korleis det vil ende. Dei som seier at dei veit, har ikkje dekning for det
Harald M. Andreassen

Lanserte skrekkscenario
Men Andreassen seier at det er vanskeleg å spå utviklinga.

- Eg er usikker på korleis det vil ende. Dei som seier at dei veit, har ikkje dekning for det.

I verste fall såg Andreassen for seg at smitteauken kom ut av kontroll.

- Om vi ikkje stoppar smitteveksten, vil ikkje sjukehusa klare å ta imot alle pasientane. Folk vil døy på utsida av sjukehusa, krematoria vil ikkje klare å ta unna og dei dei døde må leggast i ishallar, slik som vi såg i Sverige.

Dersom det vert så ille, meinte Andreassen at det kanskje var like greitt at pandemien fekk gå gjennom heile befolkninga.

- Mange vert då sjuke, mange vil då døy, og så er vi truleg ferdig med det.

- Noko skal vi døy av uansett, men problemet oppstår når frykteleg mange menneske døyr samstundes.

- Aktiviteten kjem tilbake
I ein slik situasjon såg Andreassen for seg eit kraftig fall i marknadene.

- Eg er usikker på korleis dette vil ende, men det vi veit er at aktiviteten kjem straks tilbake når vi får mulegheit til å bruke pengar som vi vil.

Han viste til at dette skjedde i heile verda, også i Norge, då myndigheitene letta på koronarestriksjonane.

- Og alt tyder på at det same vil skje igjen.

Andreassen viste blant anna til utviklinga i USA.

- Der er vareforbruket no 17-18 prosent høgare enn før korona, fordi amerikanarane handlar som aldri før. Dette er årsaka til køene i hamnene, ikkje koronaen.

Åtvara mot aksjar
Han viste også til den positive smitteeffekten i Austerrike, etter at landet praktisk tala stengde ned.

- Eg trur også at folk vil endre adferd når smitten aukar, og at det vil vere med å redusere smitteauken.

Andreassen såg ikkje mange mørke marknadsskyer, med eitt unntak.

- Aksjefolka våre trur at børsen skal gå litt til, men eg er skeptisk.

Han viste til at selskapa på børsen er rekordhøgt prisa.

- Eg er veldig sikker på at eg kan kjøpe aksjar til langt lavare kurs om to-tre år enn i dag.

- Så set ikkje alt i aksjar i dag, for dei er skit dyre. Men du treng ikkje selje alt. Eg har selt halvparten, sa Andreassen.

Publisert: 10.12.2021 05:50

Sist oppdatert: 10.12.2021 10:10

Mer om