I dei ferske årsrekneskapa til fleire av biogass-selskapa til Havila-konsernet, går det fram at det er gått inn med minst 18 millionar i ny kapital.
Nett No omtala Havila Biosgass-satsinga til Herøy-konsernet i fjor. Då var dei i gong ved anlegget på Nesset - og klar for bygging i Hustadvika.
No er dei kome steget vidare og tilført ny aksjekapital på seks millionar kroner i kvar av dei tre selskapa: Havila Biogass Haugalandet, Havila Biogass Trøndelag og Havila Biogass Innlandet, ifølgje årsmeldingane.
Den nye kapitalen blei registrert i januar i år.

Framleis på prosjekteringsstadiet
Pengane skal nyttast til å etablere tre nye biogassanlegg i desse regionane.
Styreleiar Vegard Sævik i Havila Biogass-selskapa opplyser til Nett No at dei framleis er på prosjekteringsstadiet.
Konsernet har også oppretta Havila Biogass Ryfylke og Havila Biogass Jæren, med planar om å bygge anlegg her. Desse selskapa har ikkje ha fått tilført ny kapital, ifølgje 2025-rekneskapa deira.
Råka av stort utslepp
Ved Havila Biogass sitt anlegg i Nesset skjedde det eit stort gjødselutslepp i fjor haust, der fleire millionar liter rann ut i terrenget.
Politiet etterforska utsleppet, som også førte til motstand lokalt mot etableringa av eit nytt anlegg på Hjelmeland i Ryfylke.
Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Publisert: 27.02.2026 12:02
Sist oppdatert: 27.02.2026 12:15






