Det store utsleppet av gjødsel ved Havila Biogass Nesset pågjekk i 15 timar. Det kjem fram i ein handlingsplan med tilhøyrande rapportar som selskapet har lagt fram for Statsforvaltaren.
Lekkasjen skal ha oppstått etter at ein pakning ved biogassanlegget blei øydelagt natt til 5. september. Det medførte at kring 3,5 millionar liter husdyrgjødsel rann ut i terrenget og kringliggande vassdrag.
Utsleppet varte frå klokka 01.34 til 16.45 neste dag, ifølgje ein rapport Multiconsult har laga etter hendinga.
Årsaka til at utsleppet gjekk føre seg over så lang tid, er at det ikkje var noko barrierar kring anlegget der lekkasjen oppstod.
Dagleg leiar Kjell Evensgård stadfestar til Nett No at ikkje var nokon fysiske hindringar som kunne stanse utslepp til naturen frå anlegget.
Han påpeiker samtidig at det blei etablert to vollar som hindra at storparten av utsleppet fekk renne vidare.
Vil sikre med permanente barrierar
Framover tek dei sikte på meir permanente sikringstiltak kring biogassanlegget. Først vil dei vente på resultata av ei uavhengig gransking av hendinga.
«Vi vil basert på granskningen først og fremst gjennomføre en løsning med to permanente, og sterkt forbedrede barrierer, som hindrer at denne type utslipp kan skje», skriv Evensgård i ein e-post.
Han fortel at dei vidare vil vurdere ei tredje barriere, eller moglegheit til å samle opp eller pumpe vekk eventuelle utslepp.
Evensgård påpeiker at anlegget er bygd og drifta i tråd med gjeldande krav og regelverk, men at dei også må ta læring av slike uønska hendingar.

Vil truleg ta fleire år å betre tilstanden
I rapporten frå Multiconsult går det fram at det er for tidleg å seie noko om langtidsverknadene på naturen frå utsleppet. Truleg vil det ta fleire år før tilstanden i terrenget er betra, heiter det vidare.
Det er observert død fisk og krabbe i vassdrag og elveos, samtidig som vatnet er sterkt misfarga og lukta sterkt av gjødsel dei første dagane.
All vegetasjon i myra rundt som blei oversvømt av utsleppet, er brunsvidd.
Håpar å berge gytesesongen
I rapporten blir det lagt på bordet fleire forslag til tiltak både på kort og lengre sikt.
I etterkant av utsleppet er det mellom anna bygd ein torvdemning og ein bekk er lagt om slik at vassdraget får tilført reint vatn.
Det kan bidra til å berge gytesesongen mellom anna for laks og sjøaure i vassdraget.
Publisert: 30.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 29.09.2025 23:22






