Stoerre interesse for enoek satsing
HOVDEBYGDA: Nettverkssamling, frå venstre dagleg leiar i Enøk-senteret Paul Rune Ingebrigtsen, ansvarleg for klima og energitenester i DNV GL Thomas Haug, enøk-rådgjevar Rune Slenes og enøk-rådgjevar Kristian Sirnes. 
Nytt

Større interesse for enøk-satsing

Enøk-senteret i Hovdebygda har hanka inn fleire store lokale kundar, og bidreg også til at bulgarske skuleborn får ein betre kvardag.

23.08.2016
- Ja, Bulgaria-oppdraget er både spesielt og viktig, der vi lærer mykje av kvarandre, seiere dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen ved Enøk-senteret.
Satsinga skjer i Smolyan sør i Bulgaria, Kommunen søkte om EØS-midlar for å få til omstilling til meir berekraftig energibruk.
- Vi vart prosjektpartner, og har bidrege til at skular og barnehagar har gått frå kolfyring til flisforbygging.
- Gevinsten er høgare temperatur innandørs, betre inneklima og meir miljøvenleg oppvarming, seier Ingebrigtsen.
I september vert det ny tur til Bulgaria, denne gongen for å følgje med på prosjektarbeidet til kommunen Knezha, den andre kommunen som har fått EØS-midlar til enøk-tiltak.

Treg start

Ingebrigtsen håpar på fleire oppdrag i utlandet, men det er i Norge hovudfokuset ligg.
- Etter ein litt treg start, er det no stadig fleire som ser gevinstane ved å satse på enøk.
Enøk-senteret har over fleire år vore ambassadør for Enova-programmet «Innføring i energileiing i transport, industri og anlegg». Møre og Romsdal er det fylket som har hatt flest prosjekt innanfor programmet i Norge.
- Med relativt enkle tiltak er det mogleg for industribedrifter å spare millionar, seier Ingebrigtsen.

Sibelco-gevinst

Nyleg var representantar frå ei rekkje bedrifter samla til nettverkssamling i Hovdebygda, der ein mellom anna kursa bedriftene i standarden ISO 50001.
- Vi har god erfaring med kursing av bedrifter i slike nettverk. Å samle bedrifter frå forskjellige bransjar gir betre grunnlag for idemyldring og skaper ein god dynamikk for kursdeltakarane, seier Ingebrigtsen.
Ei av bedriftene som har hatt stor nytte av energileiingsprogrammet er Sibelco Åheim. I samarbeid med Enøk-senteret har selskapet kartlagt energiforbruket, og slik gjort ei rekkje forbetringar i produksjonsprosessen. Resultatet er redusert energibruk og store kutt i kostnadene.

Marine Harvest

Nyleg kom også Marine Harvest på bana, først gjennom tiltak ved lakseslakteriet på Eggesbønes, deretter ved fleire av smoltanleggja.
- Det er kjekt å sjå at dei lokale bedriftsleiarane vert stadig meir opptekne av enøk, seier Ingebrigtsen.
Selskapet har hatt store oppdrag for kjeder som Amfi og Asko, men slite med lønsemda siste åra. No er dette i ferd med å snu.
- Vi er inne i ein god flyt, og ser ut til å få plussresultat i år, seier Ingebrigtsen.
Selskapet har sju tilsette og er eigd av Tussa Kraft.
Det er kjekt å sjå at dei lokale bedriftsleiarane vert stadig meir opptekne av enøk

Publisert: 23.08.2016 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59