Startar nytt broennbaatselskap
LAKSETRANSPORT: Færre produksjonsanlegg og stadig meir laks, fører til behov for fleire og større brønnbåtar for transport av laksen. Eit nytt brønnbåtselskap med base på Sunnmøre er no under etablering.
Nytt

Startar nytt brønnbåtselskap

Brønnbåtselskapet Sølvtrans får konkurranse på si eiga heimebane om ei gruppe investorar klarer å skaffe nok kapital til å starte eit nytt brønnbåtselskap. Kapitalinnhentinga pågår no.

22.12.2013
Etter det NETT kjenner til, er to av dei tidlegare Sølvtrans-leiarane Ole Peter Brandal frå Brandal og Kjetil Opshaug frå Stranda sentrale aktørar bak nysatsinga.
- Dette kan eg ikkje kommentere, seier Brandal.
- Dette har eg ingen kommentar til, seier Opshaug.

Sentrale aktørar

Opshaug er også styremedlem i det nystarta selskapet Intership AS, der Håvard Johannes Grøntvedt frå Trondheim er styreleiar. Grøntvedt er no direktør ved Scanbio Marine Group, men har tidlegare hatt sentrale posisjonar i Marine Harvest, både i Norge og Canada og Skotland.
Brandal er i dag banksjef i Nordea i Fosnavåg, men var i sju år direktør i Sølvtrans. Opshaug har bakgrunn som flåtesjef i Sølvtrans, men har også arbeidd for Havila Shipping.
Det er dermed svært sentrale aktørar frå norsk oppdrettsnæring siste åra som er involverte i nysatsinga.

Flåtefornying

NETT NO kjenner til at det er behovet for flåtefornying som er årsaka til at det nye selskapet no satsar i brønnbåtmarknaden. Dagens flåte er gamal og det er behov for modernisering, også på grunn av at det er på gang nye krav om at båtane skal vere hermetisk lukka, slik at det skal vere null utslepp av sjøvatn frå brønnane under frakting.
Det er også på gang nye krav når det gjeld avlusingssystem, samt nye krav når det gjeld globale krav når det gjeld behandling av ballastvatn.

Laksefest

I tillegg vert det færre poduksjonsanlegg på land, samstundes som produksjonen av laks aukar kraftig. Dermed trengst det større fartøy av høgare kvalitet til å gå lengre avstander.
Det hjelper også til at prisen på laks er rekordhøg, og oppdrettarane tener pengar som aldri før. Dermed er det også ei god tid til å gjere nye investeringar for å auke kvaliteten i oppdrettsnæringa ytterlegare.

Fleire andre selskap har i det siste meldt om nye kontraktar på brønnbåtar, slik at moderniseringa av flåten alt har starta. Både og har levert design til ny brønnbåtar, og verftsdirektør .
Også ved MMC i Herøy er det stor interesse for levering av nye tankanlegg for brønnbåtar, og konsernsjef Leif Gjelseth seier at det er på gang ei kraftig modernisering av brønnbåtflåten.

Kontrakt med Marine Harvest

NETT NO kjenner til at det nystarta brønnbåtselskapet allereie har inngått langtidskontrakt med Marine Harvest for sin første båt. Denne kontrakten gjeld allereie frå sommaren 2015, slik at det hastar for selskapet å få bygd den første båten.

Tyrkia

Sølvtrans har opplyst at det kan verte aktuelt å byggje nye brønnbåtar i Norge, og er i .
Etter det NETT NO kjenner til skal den første brønnbåten til det nystarta brønnbåtselskapet ikkje byggast i Norge, men i Tyrkia, truleg ved Besiktas Shipyard.

Fire skip

Det nye selskapet har planar om å byggje totalt fire brønnbåtar, og dermed vere med å konkurrere om dei mange nye kontraktane om frakting av levande oppdrettslaks som oppdrettsselskapa planlegg å kome med dei næraste månadene.

Publisert: 22.12.2013 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30