Utstyrt med gitar, munnspel og ein diger solhatt kjem Geir Arne Solheim frå Nordfjordkompaniet til Stryn Bedriftsbarnehage tidleg om formiddagen.
Han blir vist inn til avdelinga for dei eldste barna og riggar seg til.
Det er tid for lesestund, ispedd song og musikk. Solheim er på jobb og sørger for at unge nordfjordingar tidleg får vite om kva som skjer i bedriftene og på offentlege arbeidsplassar.
Boka han les frå, Den store uglefesten, har han skrive sjølv – ei barnebok med ei historie med bitte små element av introduksjon til arbeidslivet i den oppdikta landsbyen Samhald fjordlandsby.
Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
Fotoreportasjar frå arbeidslivet
Slik kunnskap er knappast pensum før langt ut mot slutten av ungdomsskulen i dei fleste lokalsamfunn. Nordfjordingane er i gang i førskulealder.
Ugla i historia, manifestert som ei dokke, er også med foreldra til barna på jobb. Derifrå kjem ho attende til barnehagen med korte fotoreportasjar frå arbeidsplassane, og desse blir viste fram i barnehagen.
– Dei fleste som forsvinn ut av regionen, veit ikkje kva moglegheiter som er her.
Barnehageprogrammet til Nordfjordkompaniet omfattar også korte bedriftsbesøk. Kunsten for bedriftsleiarane blir å omstille seg til å gjere besøket minneverdig for dei som først om nesten 15 år kan kome attende som potensielle arbeidstakarar.
Vekkjer interesse hos andre
Av opplæringskontor, næringsforeiningar og andre som driv med rekrutteringsarbeid på Nordvestlandet, er det ingen med eit så omfattande opplegg som Nordfjordkompaniet. Det startar i barnehagen og tek eigentleg aldri slutt. Det vekker interesse også utanfor regionen.
– At vi ikkje visste om dette før, seier Mette Blankenborg.
Ho er opplæringskonsulent hos Opplæringskontoret Gudbrandsdalen. No er ho på besøk hos Nordfjordkompaniet som ein del av ein stor delegasjon frå Gudbrandsdal Næringsforening, på studietur til vestsida av fjella.
Blankenborg og kollegaene har nettopp fått presentert heile historia og ideen til det som no heiter Nordfjordkompaniet. Mellom anna om barnehagesatsinga som Geir Arne Solheim har ansvaret for, og heile verksemda, som Tom-Øyvind Solheim (dei to er ikkje i slekt) ansvaret for.
Dette er Nordfjordakademiet
Nordfjordkompaniet er ein paraplyorganisasjon som både er opplæringskontor og arbeider med rekruttering.
Som opplæringskontor har Nordfjordkompaniet ansvaret for lærlingprogrammet til 55 fag, og det har no 266 lærlingar fordelte på 80 bedrifter, kommunar og andre offentlege arbeidsgivarar i Nordfjordregionen. 60 prosent er lærlingar i privat sektor, 40 prosent i offentleg sektor.
Rekrutteringsarbeidet startar allereie i barnehagen og omfattar program også for grunnskulen og den vidaregåande skulen. I tillegg finst det eit nettverk for oppfølging av personar som er ferdig utdanna, med informasjon til og personleg oppfølging av kvar einskild som er på jakt etter jobb og ønsker å flytte heim eller til Nordfjord for første gong. 2000 personar er med i nettverket.
Skal vite kva dei vil jobbe med
Tom-Øyvind Solheim fleipar med at det er ein strid om kven som skal inn først i ein fødsel, jordmora eller Nordfjordkompaniet.
Svaret er heldigvis jordmora, men faktum er at Nordfjordkompaniet byrjar rekrutteringsarbeidet uvanleg tidleg og satsar på å utvikle barnehagesatsinga til noko som kan brukast i heile Noreg – og gjerne også i utlandet.
Organisasjonen har eige opplegg for grunnskulen og den vidaregåande skulen, og eigne tilbod til foreldre og barn, mellom anna ein foreldreguide for yrkes- og utdanningsval.
Tom-Øyvind Solheim seier at eitt av måla er at ungdomsskuleelevane skal slutte å seie «veit ikkje» når det blir spurde om yrkesval. Dei skal både vite, og ha gjort seg tankar om, kva dei vil når dei kjem så langt.
– Dei fleste som forsvinn ut av regionen, veit ikkje kva moglegheiter som er her, seier han.

Eige nettverk for vaksne
Nordfjordkompaniet slepper heller ikkje elevane når dei går ut av den vidaregåande skulen. For dei med yrkesutdanning driv organisasjonen fleire lærlingprogram, og dei følger opp og har eit eige tilbod på fritida for lærlingar som kjem flyttande til regionen.
Dei som reiser ut for å studere vidare, får tilbod om å vere med i eit nettverk der dei får e-post med stillingsannonsar frå regionen annakvar veke og eit større nyheitsbrev seks gonger i året.
Nettverksmedlemmane oppdaterer sjølve statusen for sin eigen profil i nettverket, undervegs i utdanninga og når dei får, eller skiftar, jobb.
Dette gjer mellom anna at Nordfjordkompaniet kan å tipse bedrifter som er på jakt etter folk, om aktuelle kandidatar og spørje om kandidatane er interesserte.
Dei som melder si interesse for å flytte til Nordfjord eller søker på jobbar, får mellom anna hjelp til å finne arbeid også til ein eventuell partnar.
14 tilsette på heiltid
Forløparen til det som i dag er Nordfjordkompaniet, starta i 2016, med Tom-Øyvind Solheim som einaste tilsette og 13 lærlingar å følge opp. Ei sponplate med fire bein på var kontorbord, og ein godt brukt skinnstol frå lageret til Stryn vidaregåande skule var kontorstolen.
Stryn vidaregåande skule husar framleis hovudkontoret til Nordfjordkompaniet, men no er det både meir plass og moderne møblement.
Til saman 14 tilsette på heiltid og i prosjektstillingar er det blitt, nokre av dei med base i Måløy eller på Eid.
Publisert: 24.12.2025 05:00
Sist oppdatert: 23.12.2025 17:30






