Jan Emblemsvag NMK foto M Arius 3
NYTT SENTER: Det nye senteret som blir leia av NTNU-professor Jan Emblemsvåg er på jakt etter lokaler. NMK-bygget tvers over vegen er eit aktuelt alternativ. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Startar rekrutteringa til nytt kjernekraftsenter

– Føler at eg jobbar med noko som faktisk kan få betydning, seier Jan Emblemsvåg om arbeidet som kan endre store delar av skipsfarten.

Marius Rosbach
04.02.2026

NTNU-professor Jan Emblemsvåg er i full gang med å førebu det nye senteret for kjernekraft på Campus Ålesund. 

På slutten av fjoråret blei det kjent at Forskingsrådet vil støtte senteret med inntil 96 millionar kroner i åtte år framover. 

Under eit seminar om kjernekraft ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund tysdag kom Emblemsvåg med ei «løypemelding» om korleis dei låg an med etableringa. 

Skal utvikle løysingar for kjernekraft til sjøs
Det er planlagt at senteret skal ha kring ti faste tilsette. I tillegg vil dei tilsette  rundt ti doktorgradskandidatar og personar med doktorgrad. 

– Vi startar å tilsette dei første ganske snart no før sommaren, seier Emblemsvåg til Nett No.

Målet til det nye senteret er å utvikle løysingar som gjer kjernekraft til energikjelde for sivile skip. 

Om Emblemsvåg og dei andre som skal jobbe ved senteret lukkast, vil kjernekraft vil kjernekraft vere eit trygt og økonomisk gunstig alternativ til diesel og andre energikjelder til sjøs. 

Jan Emblemsvag NMK salen foto M Arius 4
STORSATSING: Jan Emblemsvåg under presentasjonen på kjernekraftseminar på NMK tysdag. Namnet blir forkorta til SFI – SAINT (for Center for Research-based Innovation - Sustainable, Applied and Indstrialized Nuclear Technology). Foto: Marius Rosbach

Jobbar med å finne lokale
Professoren er overtydd om at det er kjernekraft som vil drive det grøne skiftet framover. 

– Det er klart det er artig å jobbe med desse tinga, og føler at eg jobbar med noko som faktisk kan få betydning, seier Emblemsvåg medan han blir med utanfor for å ta eit bilde. 

Han fortel at dei jobbar med å finne lokale til senteret, og at NMK-bygget er eit høgaktuelt alternativ.

– Det er nok ikkje plass oppe på NTNU, seier han og peikar over til nabobygningane. 

Peika på fleire fordelar
Under seminaret tysdag peika Emblemsvåg på ein rekke utviklingstrekk som talar til kjernekrafta sin fordel. 

Han viste til store moglegheiter for å betre økonomien i produksjonen av kjernekraftreaktorar, og at energikjelder som vindkraft møter politisk motstand. 

Samtidig som ein fjernar klimagassutsleppa, kan kjernekraft gjere skipa i stand til å segle raskare – med lågare kostnader, fortalde professoren.

Emblemsvåg viste også til at bruken av avansert sokalla Triso-brensel, gjer moderne kjernekraft tryggare og hindrar radioaktive utslepp, sjølv ved ulukker. 

Publisert: 04.02.2026 05:00

Sist oppdatert: 04.02.2026 00:41

Mer om