Stor auke i bedrifter som ber om hjelp
DAGLEG LEIAR: Martin Foldal og to andre tilsette utgjør staben ved Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda. 
Nytt

Stor auke i bedrifter som ber om hjelp

Kulturnæringshagen i Volda gir råd til nokre av dei mest utsette bedriftene i koronakrisa. Pågangen har aldri vore større. 

Marius Rosbach
17.11.2020

Midt i Volda sentrum ligg den einaste næringshagen på Sunnmøre, som på oppdrag frå statlege Siva (Selskapet for Industrivekst) skal vere med å sette fart på innovasjon og næringsutvikling hos lokale bedrifter.

Dagleg leiar Martin Foldal i Sunnmøre Kulturnæringshage fortel om ei stor auke i pågangen etter at koronapandemien slo til i vår.

– Vi har fått kring 20 nye bedrifter berre sidan mars. Fleire av desse har fått alle oppdraga sine kansellert og vore nøydd til å tenke heilt nytt. Mange har rett og slett hatt behov for å finne ut korleis dei skal overleve, fortel Foldal til NETT NO.

Skal få fart på nyetableringar

Næringshagen med sine tre tilsette skal fungere som ein inkubator, eller drivhus om du vil, for nye bedrifter.


Til saman har dei no kring 60 bedrifter med i nettverket, og mange spring ut av dei ulike utdanningane ved Høgskulen i Volda.

– Bakgrunnen for at vi blei etablert i 2012, var at ein meinte det kom få nyetableringar i Møre og Romsdal med utspring frå utdanningane ved Høgskulen i Volda. Høgskulen er, med sine 4700 studentar, den største studiestaden mellom Bergen og Trondheim, påpeiker han.

Små og utsette bedrifter

Mange av bedriftene som kulturnæringshagen jobbar med, driv i sokalla kreative yrke som film, foto og design. Eit fellestrekk for mange slike bedrifter er at dei har små økonomiske bufferar, lite likviditet og gjerne er organisert som enkeltpersonføretak.

Det gjer dei ekstra utsett i den nedturen mange bransjar opplever om dagen, og ein betydeleg del slit med å kome innunder støtteordningane frå styresmaktene.

– Mange slit og spesielt dei som lever av å samle store folkemengder, stadfestar Foldal.

Gir gratisråd som koronatiltak

Som eit ekstra støttetiltak gir næringshagen no gratis råd til bedrifter. Nyleg fekk dei ei gledeleg ekstraløyving frå politikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune på litt over ein halv million kroner.


– Det er svært gledeleg. Til vanleg må bedriftene betale minimum 25 prosent av timeprisen vår for rådgiving, medan dei resterande blir dekka. Ekstraløyvinga gjer at vi kan halde fram med å levere tenester til bedriftene, utan at dei får ekstra kostnader, fortel den daglege leiaren.

Ein møteplass

Foldal påpeiker at næringshagen som samlokalisering, også fungerer som ein møteplass for dei mange små bedriftene og frilansarane.

– Det kan rett og slett vere ei triveleg avkopling, men det er også ein måte å finne samarbeidspartnarar. Mange har kundar i den maritime klynga, som er høgst internasjonale selskap, og som har behov for ulike tenester. Slik kan desse bedriftene få utvida verksemda med business-to-business-oppdrag, fortel han.

Trur på større potensial med samarbeid

Foldal trur potensiale til å få meir ut av eit meir inngåande samarbeid mellom den type bedrifter dei har under sin paraply, og dei større industrilokomotiva i regionen. Han fortel at dei kreative kulturnæringane har som formål å gjere andre næringar betre, og leverer tenester som styrker konkurransekraft og innovasjonsframdrift.

– I Tyskland jobbar dei no med sokalla kryss-innovasjonslaboratorium, der industribedrifter nyttar kompetanse frå kulturnæringane for produkt- og tenesteinnovasjon, fortel han.

Han legg til at mykje av tenkemåten som no nyttast i innovasjonsprosessar i industrien, som til eksempel «Design Thinking»-metodikken, har opphav i arbeidsmetodane til kreative kulturnæringar. Det gjer at mange av desse bedriftene allereie er vande med mykje av metodikken når dei blir kopla på.


Mange har kundar i den maritime klynga, som er høgst internasjonale selskap, og som har behov for ulike tenester. Slik kan desse bedriftene få utvida verksemda med business-to-business-oppdrag

Publisert: 17.11.2020 16:19

Sist oppdatert: 10.05.2023 00:08

Mer om