Nina Viddal Bjørkedal M 2
SAMARBEID: Profesjonar i dagens samfunn er veldig spissa, seier Nina Viddal. Difor meiner ho samarbeid på tvers av regionen blir vesentleg i framtida. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal
Nytt

Trur nytt senter vil sørge for at studentar blir

Prosjektleiar Nina Viddal vil spleise næringsliv og studentmiljø på søre Sunnmøre.

I ti år har Norsk Innovasjonssenter vore eit prosjekt under realisering. No startar arbeidet for fullt.

Målet er å styrke samarbeidet mellom næringsliv og Høgskulen i Volda, og bidra til innovasjon på søre Sunnmøre.

Nina Viddal blei i sommar konstituert prosjektleiar, og forrige veke takka ho ja til å bli prosjektleiar.

– Vi har halde på nokre år, men no er tida inna for realisering. Eg skal sørge for at det blir aktivitet og innhald framover, fortel ho til NETT NO.

Vi har halde på nokre år, men no er tida inna for realisering
Nina Viddal

Fleire spesialrom
I tredje kvartal i 2026 skal første byggetrinn i Aasenkvartalet vere ferdig, med Norsk Innovasjonssenter som sentral leigetakar.

Bygget skal gå gjennom tre byggetrinn før det er heilt klart.

Viddal seier at bygget aleine ikkje vil skape innovasjon, men trur at når ein får samla fleire under eitt tak, vil gode samspel skje.

– Vi vil få fleire spesialrom der ein kan drive med prosessarbeid, innovasjon eller eksperimentering; i for eksempel ein framtidssløyd.

Frir til «ungdommen»
Ein framtidssløyd er eit rom med ulike maskiner og verktøy, der ein kan prototype, eksperimentere og teste ut idéar.

Ho meiner det er viktigaste er å knytte studentane til næringslivet og å la dei tidleg få fast kontakt med kvarandre - i tillegg til at næringslivet kan få kome tettare på høgskulen.

Målet er at Aasenkvartalet blir ein stad som klarer å få studentar og andre til å bli i fylket, og få andre til å flytte til Sunnmøre.

Oppdragsportal
Viddal fortel at studentar ho har prata med har vore begeistra for prosjektet.

– Dei synes det er leit at dei flyttar før bygget er ferdig, men eg seier dei berre må bli att, glimtar ho til.

Ho nemner at reelle praksisplassar og ein oppdragsportal som kan bidra til tidleg kontakt med næringslivet, vil bli avgjerande for å halde engasjementet ved like.

I tillegg ønskjer dei å lansere ein bestillingsportal der bedrifter kan bestille bachelor- og masteroppgåver som er tilpassa deira behov for å sikre relevans for arbeidslivet.

Nina Viddal Bjørkedal M 1
GRØNT: Framtida trykker på, og Nina Viddal meiner alle selskap, uavhengig av kva dei driv med, må tenke grønt i botnen av alt. Foto: Marius Åmbakk Bjørkedal

Har fått betydeleg støtte
Norsk Innovasjonssenter har fått inn midlar frå fleire aktørar for åra fram til dei går inn i Aasenkvartalet.

– Vi har fått tilskot, men ingen garantibeløp.

Dei har fått tilsegn på 600.000 kroner frå fylkeskommunen, 600.000 frå Høgskulen i Volda, 300.000 frå Tussa og 100.000frå Volda Næringsforum.

I tillegg har dei til saman fått fem millionar kroner frå Sparebanken Møre til ulike føremål, og 600.000 frå Volda kommune, dels som tilskot og dels som aksjekapital.

Kommunar og næringsliv er med
Sunnmøre Kulturnæringshage, som er eigd av mellom anna Sparebank 1 SMN (24,39 prosent aksjeandel) og Tussa IKT as (14,63 prosent), og Volda kommune eig 100 prosent av aksjene i Norsk Innovasjon As.

Norsk Innovasjonssenter AS planlegg ytterlegare aksjeutviding i 2024 gjennom ein retta emisjon mot særleg regionalt næringsliv på søre Sunnmøre.

7. desember skal innovasjonssenteret ha ein konferanse for å hauste innspel, der privat og offentleg næringsliv, politikarar, fagmiljø og studentar er inviterte.

I den første versjonen av saka stod det at Aasenkvartalet skulle stå ferdig i 2026. Dette er feil, og retta. I tillegg var nokre av eigarane til Sunnmøre Kulturnæringshage as lista i saka feil, noko som også er retta opp i no.

Publisert: 22.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 22.11.2023 10:06

Mer om