Vard brattvåg forberedelse koronatest foto vard 11
KORONATESTING: Eit team førebur koronatestar av arbeidarane ved Brattvåg-verftet i samband med utbrotet der. Foto: Vard
Nytt

Stenger verft i påvente av smittesvar

24 koronasmitta til saman ved Vard Langsten – ventar fleire prøvesvar tysdag.

Marius Rosbach
11.05.2021

Vard Langsten-verftet er stengt inntil vidare tysdag, til alle prøveresultat ligg føre og smittesporing er gjennomført.

Det opplyser Vestnes kommune i ei pressemelding.

Ventar nye svar på testar
Årsaka er at smittevegen framleis er ukjent, og at ein vil ha svar på alle testane, før det blir tatt ei avgjerd om vegen vidare.

Alle arbeidarane ved verftet i Tomrefjorden blei testa i helga, og resultata som var kome inn i løpet av måndagen, viste seks nye positive prøver.

Tysdag venter ein svar på fleire av prøvene.

24 smitta til saman
Til saman 24 personar har fått påvist koronasmitte i samband med utbrotet ved verftet.

– Alle arbeidarane som har jobba på verftet dei siste 10 dagane, blir oppfordra til å halde seg i ro til situasjonen er under kontroll. Dei er ikkje sett i karantene, men blir oppfordra til å vere ekstra forsiktige, heiter det i ei melding frå kommunen.

I førre veke stengde konsernet verftet i Brattvåg, etter eit smitteutbrot der. Etter å ha vore stengt i nokre få dagar, blei verftet gradvis gjenopna for arbeidarane.

Publisert: 11.05.2021 09:08

Sist oppdatert: 11.05.2021 09:13

Mer om