Dag vikestrand montasje vard brattvåg foto marius 11
MYKJE ARBEID: Verftsdirektør Dag Vikestrand ved Brattvåg-verftet til Vard fortel at dei har lagt ned mykje arbeid for å unngå ein situasjon som no har oppstått. Testing og smitteverntiltak påfører konsernet store ekstrautgifter. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vard: – Ein situasjon vi gjerne skulle ha unngått

Oppdaga 16 koronatilfelle etter massetesting ved Brattvåg-verftet. Andre smitta har vore i arbeid på Søviknes og Langsten.

Marius Rosbach
02.05.2021

Vard og Ålesund kommune opplyser søndag at til saman 16 personar med tilknyting til Vard Brattvaag-verftet har testa positivt på koronasmitte. Ni av desse tilfella er meldt tidlegare, ifølgje ei melding frå kommunen.

– Ein situasjon vi gjerne skulle ha unngått
Verftsdirektør Dag Vikestrand uttalar i pressemeldinga frå Vard at det har vore viktig å få rask oversikt over situasjonen og avgrense vidare smitte.

– Dei smitta følgjes no tett opp av lokale helsestyresmakter i samarbeid med vårt eige helseteam. Dette er sjølvsagt ein situasjon vi gjerne skulle ha unngått, og har lagt ned ein stor innsats for å forhindre, fortel Vikestrand og roser tilsette, kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar for støtte og oppslutninga kring tiltaka.

Det er ikkje bestemt kva tid verftet kan starte opp att aktiviteten med spesialskipet dei har under bygging.

Har testa 360 til saman
Det var ein leverandør som var på oppdrag ved verftet førre veke, som fekk påvist smitte onsdag. Smittekjelda er framleis ukjent, og det er for tidleg å seie om smitta har samanheng med andre lokale utbrot.

Torsdag blei verftet stengt og konsernet sette på eige initiativ i gong med massetesting. Til saman er 360 personar testa i samband med utbrotet på verftet. Av dei 16 som har testa positivt, er to busett i Ålesund, to i andre kommunar i fylket og ein på austlandet.

11 er tilreisande arbeidarar og set i isolasjon på konsernet sitt anlegg på Trohaugen i Vestnes.

Smitta har vore på Søviknes og Langsten
Verftskonsernet har i tillegg fått melding om positive testar av to andre personar som har vore i arbeid ved Vard Søviknes og Vard Langsten i Tomrefjord i løpet av den siste veka. Tilfella blei oppdaga i samband med testar som blir teke før utreise til andre land.

Desse to har ikkje vore på oppdrag I Brattvåg, og har vore i arbeid i Norge sidan januar. Begge dei smitta og nærkontaktane deira, er i isolasjon ved Trohaugen, i tillegg til at nokre arbeidarar er i ventekarantene.

Ikkje aktuelt å stenge verfta no
Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard opplyser søndag at dei heile tida ser på kva tiltak dei kan gjere for å førebygge, men at det ikkje er planlagt stenging av verfta som følgje av smittetilfelle som er meldt per no.

– Vi har låg terskel for testing om nokon ønsker det. Vi testar mellom anna før alle prøveturar, og det blir teke stikkprøver, i tillegg til at vi har påbod om munnbind og ein rekke andre tiltak, fortel Akselvoll til NETT NO.

Ho legg til at det truleg vil kome fleire tiltak framover, avhengig av korleis smitteutviklinga i regionen.

(saka held fram under)

Olav mestad foto ålesund kommune 11
OPPMODAR TIL TESTING: Kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund kommune. Foto: Ålesund kommune

Oppmodar til testing ved symptom
Kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund påpeiker i pressemeldinga at situasjonen er ustabil, og alle som har vore på Brattvåg-verftet i perioden framleis bør halde seg i ro, og ha færrast mogleg nærkontaktar.

Han påpeiker også at alle med symptom som kan vere Covid-19, må halde seg heime og teste seg. Mestad minner om at eit negativt prøvesvar berre er eit augneblinksbilde, og at det er nødvendig med fleire testar, om ein har symptom.

Barnehagar stengt - hotelltilsette i karantene
Ålesund kommune fekk laurdag melding om fem nye smittetilfelle. Som følgje av desse er Jugendbyen og Veslefrikk barnehagar stengt inntil vidare.

Tre av tilfella stammar frå utbrotet ved Toldboden-restauranten, som no er under etterforsking for brot på smittevernreglane. Ein av dei nye smitta, jobbar ved eit hotell i Ålesund, der ni tilsette og fleire gjestar er sett i ventekarantene, opplyste kommunen i ei melding laurdag.

Publisert: 02.05.2021 14:10

Sist oppdatert: 02.05.2021 17:12

Mer om