Testar kring 300 verftsarbeidarar
Vard jobbar på spreng for å få oversikt ved hjelp av massetesting.
Torsdag ble det kjent at Vard stengte verftet i Brattvåg etter at ein leverandør ved verftet fekk påvist smitte.
Heilt sidan konsernet blei kjent med situasjonen onsdag, har dei jobba på spreng for å få oversikt over korleis smitta kan ha spreia seg blant hundrevis av arbeidarar som har vore på verftet.
– Vi har avgjort at vi skal teste alle som har vore på verftet den siste veka, i forkant av denne onsdagen. Testinga skjer på eige initiativ, fordi vi meiner det er den mest effektive måten å få fullstendig oversikt på, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO.
(saka held fram under)
Åtte smittetilfelle så langt
Til saman er konsernet i ferd med å teste kring 300 arbeidarar i Brattvåg. Nokre av desse har også vore på andre verft og avdelingar i Vard i denne perioden.
– Ein del blei testa torsdag, men dei fleste er testa fredag, fortel Akselvoll til NETT NO fredag ettermiddag.
Ho venta ei oppdatering frå verftet, og rekna med at dei kan opplyse om resultata i løpet av helga.
Målet er å opne raskt opp att
Seint torsdag hadde Ålesund kommune meldt om åtte smittetilfelle mellom Vard-arbeidarane, og fredag ettermiddag var det ikkje kome melding om nye testresultat.
Sjekk siste oppdatering frå Ålesund kommune (ekstern lenke)
Har mål om å opne raskt
Verftet er inntil vidare stengt, og kommunikasjonssjefen fortel at dei planlegg korleis arbeidarane kan ta opp att arbeidet, fortløpande etter som prøvesvara kjem.
Både massetestinga og at verftet er stengt fører til ekstrakostnader for verftskonsernet.
– Vi meiner det er den beste løysinga for å få oversikt, og målet er å opne raskt opp att. Men om det blir langvarig, så vil det naturleg nok gi høgre kostnadar, legg ho til.
Bygger spesialskip
Verftet jobbar for tida med eit 172 meter lang spesialskip til Prysmian Group. Skipet skal mellom anna bli nytta til å legge kablar ned til 2000 meters djupner.
Det neste nybygget, ein trålar til Nergård, er venta til kai over sommarferien.
NETT NO omtala i førre veke korleis verftet har behov for meir arbeid i nokre rolege perioder framover.
Publisert: 30.04.2021 16:12
Sist oppdatert: 30.04.2021 16:14