Stig Brautaset ny toppsjef
NY SJEF: Stig Brautaset blir fjerde administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre sidan 2009. 
Nytt

Stig Brautaset ny toppsjef

Stig Brautaset blir ny sjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

19.04.2016
Stig Brautaset tek over etter Hallvard Bjørneset, som har vore konstituert i stillinga sidan august 2015, då Solveig Midtbø gjekk av.
Brautset kjem frå stillinga som direktør i Danske Bank.
- Denne jobben har framtstått som kjempespennande i mange år, seier Brautaset. Dei siste seks åra har han arbeidd i bedriftsmarknaden i ein internasjonal bank, no skal han leie ein lokalbank der privatmarknaden veg tyngst.
Han meiner dei store bankane sin konsentrasjon om større kundar og større byar opnar nye sjansar for bankar som Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
- Utfordringa vil vere å behalde og foredle den sterke posisjonen i privatmarknaden i Ørsta/Volda, få vekst i Ulstein/Herøy-regionen og bli ein sterkare aktør for små og mellomstore bedrifter i heile nedslagsfeltet, som er Søre Sunnmøre, seier Brautaset.

Fleire leiarskifte

Ny toppsjef er den andre endringa i bankleiinga på kort tid.
I eit ekstraordinært forstandarskapsmøte 31. mars gjekk Oddvar Strand av som styreleiar. Han er erstatta av Harald Indresøvde, som var administrerande direktør i banken i 15 år, fram til han gjekk av med pensjon i 2009.

Pendla til Oslo

Brauteset er i dag ein del av leiargruppa i Danske Bank og vekependlar frå heimen i Ulsteinvik til hovdukontoret i Oslo. Det har han gjort sidan 2010. Han tek til i den nye jobben så snart som praktisk mogleg.
- Styret er svært godt nøgde med å få Stig Brautaset som ny administrerande direktør i banken. Sparebank 1 Søre Sunnmøre får ein erfaren og trygg leiar, og vi er visse på at han er den fremste til å ta banken vidare i ei spanande tid, for så vel bank og finans som resten av næringslivet, seier nestleiar i styret, Hege Karete Hamre, i ei børsmelding.

Lang erfaring

Brautaset har lang erfaring i bank. Han er utdanna siviløkonom frå BI. Med unntak av eitt år i revisjonselskapet KPMG og som dagleg leiar i for bilforhandlaren Autoservice i Ørsta har han arbeidd i bank heile yrkeslivet.
- Eg gler meg til å ta fatt på jobben og leie banken i spanande tider der konkurransen om kundane er skjerpa. Kundeadferda endrar seg raskt og banken si drift må vere tilpassa ramevilkåra. Eg oppfattar bankne som ein moderne bank med ein omstillingsdyktig organisasjon. Eg ser fram til å jobbe i lag med heile organisasjonen for å gjere banken sin visjon "å gjere Eiksundregionen til ein betre stad å bu og virke" enno tidlegare i tida som kjem, seier Brautaset i børsmeldinga.


Publisert: 19.04.2016 12:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54