Selskapet Olympic Havopplevelser med Stig Remøy på eigarsida er dei som står bak kjøpet av eigedomen etter konkursen i Runde Panorama, ifølgje Vestlandsnytt.
Kjøpet «passar godt inn i turistsatsinga vår», seier Stig Remøy til avisa. 5. februar kunne bustyrar Jørund Knardal fortelje at eigedomen var selt, men ikkje kven som var kjøparen.
Det vart bodrunde om eigedomen med ni utleigehytter og Christineborg Gjesthus, og selskapet til Herøy-reiaren fekk tilslaget på 25,75 millionar kroner.
– Eg reknar turistsatsinga vår i ein samanheng med andre prosjekt vi er med på, både på miljøsenteret, Skotholmen og hotellet. Vi har også kjøpt skyssbåten «Skreddaren», seier Remøy vidare til avisa.
Remøy opplyser også at dei skal ha eit møte med tidlegare Panorama-drivar Arnulf Goksøyr.
– Vi ønsker eit levande lokalsamfunn
Remøy skriv i ei tekstmelding til Nett No at det ikkje er klarlagt korleis drifta vil bli.
– Vi ønsker eit levande lokalsamfunn som skapar arbeidsplassar innan reiselivet, fortel Remøy.
– Vi ønsker større infrastruktur og kulturtilbod som kan komme lokalsamfunnet til gode, legg han til.
Han fortel vidare at dei håpar på synergiar mellom dei ulike engasjementene deira.
– Kvifor skal ikkje Herøy vere like attraktivt som Lofoten, skriv han vidare.
Gjekk konkurs etter storsatsing
Selskapet gjekk til skifteretten med 33,5 millionar kroner i gjeld tidlegare i vinter, og bustyraren jobba sidan saman med panthavar Sparebanken Møre for å finne kjøparar som ville overta heile anlegget.
45 millionar har Arnulf Goksøyr og partnarane satsa på luksushytter på Runde. No manglar kun gjestane, skreiv Nett No i slutten av 2022
Til saman hadde selskapet 0,9 millionar kroner i driftsinntekt og minus 9,6 millionar i resultat før skatt i åra 2023 og 2024.
Publisert: 16.02.2026 14:36
Sist oppdatert: 16.02.2026 15:40






