NPK – Peder Skjelten: Senterpartiet varslar uro i småkraftbransjen, men finansminister Jens Stoltenberg viser til at skattar fører til at mange prosjekt tilpassar seg for å unngå høgare skatt.
Under onsdagens spørjetime, stilte stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) spørsmål til finansminister Jens Stoltenberg (Ap) om høyringa om grunnrenteskatt på småkraft.
– Kraftbransjen treng føreseielege rammer når dei vurderer investeringar i månadlege eller årlege millionbeløp. No får dei det motsette, seier Sande til Nynorsk pressekontor.
Under spørjetimen sa finansministeren at berre eitt kraftverk over 10 MW har vore under bygging frå 2020 til august i år, men 180 kraftverk under 10MW har vore til bygging i same periode. Han meiner det kjem av skattetilpassingar.
– Både små og store kraftutbyggingar har miljøkonsekvensar. Når utbyggingar blir justerte ned for å unngå grunnrenteskatt, går produksjonen ned. Då må ein byggje fleire kraftverk for å få same mengd kraft, og dei samla miljøkonsekvensane blir større enn nødvendig, sa Stoltenberg.
Bakgrunnen for spørsmålet på Stortinget, er at regjeringa gjennomfører etter nyttår ei høyring om å innføre grunnrenteskatt på småkraftverk under 10 MW. Dette skjer sjølv om det ikkje er aktuelt å innføre ei slik skatt i inneverande regjeringsperiode. I november gjekk Senterpartiet, Frp, Høgre og KrF ut og sa at dei er imot forslaget. Desse partia har fleirtal på Stortinget.
Usikkerheit for bransjen
Grunnrenteskatt er ein ekstraskatt på inntekter frå naturressursar, som vasskraft, skog og olje. For vasskraft er satsen 45 prosent av salet. Småkraftverk betaler i dag ordinær selskapsskatt på 22 prosent, og dei må i tillegg betale grunnrenteskatt dersom dei produserer meir enn 10 MW
I statsbudsjettet føreslo regjeringa å senke denne grensa til 1,5 MW.
Sande tok opp saka fordi han meiner regjeringa skaper unødvendig uro i småkraftnæringa når ho held fram med arbeidet med grunnrenteskatt for kraftverk under 10 MW, trass i at dei manglar fleirtal på Stortinget.
– Det er stor usikkerheit i næringa, og mange sit på gjerdet. Dette gjeld fleire av prosjekta som blir rekna som dei mest lønsame og minst konfliktfylte. Vindkraft har store konfliktar, solkraft slit økonomisk, og då er vasskraft det mange peikar på som den krafta som raskast kan kome på plass. Difor er det uheldig at regjeringa skapar tvil rundt rammevilkåra, seier Sande.
Høyringa skal halde fram
Stoltenberg peika på at fleire prosjekt blir tilpassa til å hamne rett under grensa på 10 MW. Det er eit teikn om at skattesystemet påverkar utbyggingsval.
– Det betyr at eit stort kraftpotensial ikkje blir utnytta. Når det nesten ikkje blir bygd anlegg mellom 10 og 20 MW, er det openbert at årsaka er tilpassing til skatt. Dette gir mindre kraft og høgare prisar enn vi kunne hatt, og det er eit samfunnsøkonomisk tap. Samstundes må fleire små anlegg byggjast for å få same produksjon, noko som gir større samla miljøbelastning, og difor bør høyringa gjennomførast, meiner Stoltenberg.
– Etter vår vurdering er det best å redusere nedre grense for grunnrenteskatt til 1,5 MW. Samstundes er vi opne for andre tilpassingar dersom dei viser seg å vere meir hensiktsmessige. Målet er å unngå uheldige skattevridingar og få meir fornybar kraft med lågare miljøpåverknad, sa Stoltenberg i sitt svar til Sande.
Utanlandsk eigarskap
Sidan 2000 er talet på små kraftverk i Noreg tredobla, skreiv NRK i februar.
Raudt støttar forslaget frå regjeringa om grunnrenteskatt på småkraft. Sofie Marhaug (R) meiner småkraftverk gir store naturinngrep, men relativt lite straum per meter med røyr samanlikna med større vasskraftanlegg.
– Det er betre å oppgradere og satse på dei store vasskraftverka. Dei har òg negative sider, men dei gir mykje meir straum per meter røyr, seier Marhaug til Nynorsk pressekontor.
Ho peikar òg på at store delar av småkraftsektoren i dag er på utanlandske hender. Ifølgje NVE var 628 av 1464 kraftverk under 10 MW heilt eller delvis eigde av utanlandske aktørar i 2024. Av desse var 213 heileigde av utanlandske aktørar.
– Eg vil utfordre førestillinga om at dette berre er norske småbønder. Den utanlandske eigarskapen har auka. Difor meiner eg vi må passe på «arvesølvet» vårt og ikkje gjere det billig og lukrativt å byggje ned natur, seier ho.
Publisert: 10.12.2025 16:23
Sist oppdatert: 10.12.2025 16:23






