Stoppar sal av MMC First Process til Credo Partners
KVA NO?: Petter Leon Fauske (til venstre) skulle bli med vidare på eigarsida når Havyard Group selde aksjeposten sin på 75 prosent til investeringsselskapet Credo. MMC First Process. Konsernsjef Geir Bakke (til høgre) i Havyard Group melde i mars om uventa store tap på skipsbygging og selskapet kom i brot med lånevilkåra. No har ein ny mogleg kjøpar meldt seg.
Nytt

Stoppar sal av MMC First Process til Credo Partners

Havyard har fått ny interessent til MMC First Process. Men Credo Partners har ikkje gitt opp.

05.05.2019
Saman med First Process Holding skal Credo Partners kjøpe Havyard Group sin aksjepost på 75 prosent i fiskeutstyrsleverandøren MMC First Process. Intensjonsavtalen om salet hadde som mål å få på plass ein bindande avtale om sal innan 15. juni i år. Det varsla Havyard Group 15. april i år.

No er intensjonsavtalen oppheva etter at ein mogleg ny kjøpar har kome på banen. Det melder Havyard i dag.

Gir seg ikkje

- Fremedeles kandidat, svarar Pål Brynsrud i Credo Partners på spørsmål om selskapet no er ute av kampen og å ta over MMC First Process.
Credo Partners var storaksjonær og sentral i å bygge opp MMC First Process-konkurrenten Optimar, fram til selskapet blei seld til den tyske Haniel-familien i desember 2017.

Avklaring til 15 juni

Børsmeldinga om at avtalen med Credo Partners er terminert seier ikkje noko om kven den nye moglege kjøparen er, men fortel at tidsplanen - ei avklaring innan 15. juni - er den same.
Det blir helleringen større endringar i verknaden av salet for Havyard Group:
"Det vises til børsmelding av 15. april 2019 vedrørende inngått intensjonsavtale for salg av selskapets aksjer i MMC First Process AS. Som følge av mottatt henvendelse fra annen interessent, har styret besluttet å terminere den nevnte intensjonsavtalen. Tidligere informasjon om forventede effekter for bokført egenkapital og likviditetstilførsel forblir uendret. Videre er det ikke forventet noen vesentlig endring i tidsplanen for gjennomføring av transaksjonen. Nærmere informasjon vil bli gitt i utvidet børsmelding.", heiter det i meldinga.

Påfyll i kassa

Børsmeldinga då det blei kjent at Credo Partners ville bli storaksjonær i MMC First Process (MMCFP) sa ingenting om prisen, men i følgje børsmeldinga 15. april ville salet styrke Havyard Group og gir pengar i kassa:
"Transaksjonen er basert på en verdsettelse av MMCFP som, ved gjennomførelse, er forventet å bidra til en betydelig effekt på Selskapets bokførte egenkapital, og bidra med en substansiell likviditetseffekt. Selskapet og Kjøper vil oppdatere markedet vedrørende betingelsene og effektene av Transaksjonen ved signering av aksjekjøpsavtalen, som er forventet å være signert senest den 15. Juni."

Ingen kommentar

Den opprinnelege planen var at Credo Partners og minoritetseigaren First Process Holding skulle kjøpe Havyard sin aksjepost i MMC First Process.
- Ingen kommentar per nå, svarar dagleg leiar i MMC First Process og medeigar i First Process Holding på spørsmål om First Process Hoiding er partnar om det eventuelt blir ein annan medeigar i MMC First Process enn Credo Partners.

Publisert: 05.05.2019 20:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34