Yrkesfag IKKE GJENBRUK foto thing 11
Illustrasjonsfoto: Tingh / Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Stor auke i søkartala til yrkesfag

«Historisk høge» tall i Møre og Romsdal. Samtidig er det skrikande behov for lærlingar og arbeidskraft.

04.03.2024

Måndag kom søkjartala til dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.

Dei viser ei auke i søkjartala til yrkesfag på seks prosent samanlikna med året før. 65 prosent av elevane i Møre og Romsdal har i år søkt yrkesfag.

– Dette er ei historisk høg søking til yrkesfag, både i prosent, men også i absolutte tal, seier Maria Enstad, leiar av inntaksseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune, i ei pressemelding.

Delen av elevar som søker studieførebuande, er gått ned frå 41 prosent i fjor, til 35 prosent i år.

Av utdanningsprogram er det sal, service og reiseliv som har den største prosentvise auken samanlikna med fjoråret. Deretter følger frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign, framfor helse- og oppvekstfag.

Studiespesialisering har størst prosentvis nedgang i søkjarar.

Stor mangel på fagarbeidarar
Samtidig er det stor mangel på lærlingar i Noreg, og stort behov for arbeidskraft i mange yrke. Tal viser at det vil mangle 90.000 fagarbeidarar innan 2035.

Matvarebransjen er mellom dei som er råka, og mangla 2000 lærlingar i fjor, skriv NRK.

Sju av ti bedrifter i bransjen melder at dei har behov for meir arbeidskraft og nær samtlege opplyser at dei manglar kvalifiserte søkarar i stillingsutlysingar, ifølgje NHOs årlege kompetansebarometer.

Almlid: Både god og dårleg nyheit
NHO-sjef Ole Erik Almlid meiner det er viktig at unge får med seg at det er stort behov for dei.

– Desse tala er ein dårleg nyheit fordi det er vanskeleg for bedriftene å lukkast utan dei rette folka. Samstundes er det ein god nyheit for alle dei unge som lurer på om dei kjem til å få seg jobb. Unge har store moglegheiter til å få seg ein spennande jobb når så mange bedrifter skrik etter arbeidskraft, seier Almlid til NRK.

– Dersom du er ung og har lyst til å vere med på å fikse klima- og matkrisa, sikre energi og helseteknologi som kan vere med på å redde liv, er det masse jobbar tilgjengeleg. Det er eit godt tips å ta med seg for dei som vurderer kva for ein skule eller kva for ei utdanning dei skal søkje på, legg han til.

Publisert: 04.03.2024 16:01

Sist oppdatert: 04.03.2024 16:01

Mer om