Statt torsk oppdrettsanlegg foto statt torsk
TRENG MANGE FOLK: Sjømatnæringa kan få behov for 56.000 nye personar dei neste sju åra. Det er havbruk som treng flest folk, ifølgje ein rapport som er utarbeidd av Møreforsking. Illustrasjonsfoto: Statt Torsk
Nytt

Ventar vekst - men mange slit med rekrutteringa

Rapport viser behov for titusenvis fleire folk i sjømatnæringa på få år. Havbruk treng flest.

Marius Rosbach
16.01.2023

(NPK): Ein ny rapport som er utarbeidd av Møreforsking har kartlagt og tallsett framtidig kompetansebehov ved å spørje sjømatnæringa sjølv. Selskapa som har svart tilhøyrer både havbruk, fiskeri, sal og eksport, i tillegg til foredlingsindustrien.

Rapporten viser tydeleg at behovet for meir kompetanse aukar på alle fagfelta, ifølgje Intrafish.

- I sum har sjømatnæringen et rekrutteringsbehov på mellom 25.453 og 56.326 kandidater frem mot år 2030, står det i rapporten.

Har allereie vanskeleg for å vekse

Samtidig peikar rapporten på at mange av bedriftene allereie i dag opplever vanskeleg tilgang på tilsette.

- Majoriteten av sjømatselskapene forventer sysselsettingsvekst og endringer i kompetansebehov mot år 2030. Da er det noe urovekkende at 60 % av selskapene allerede har udekkede kompetansebehov, og at halvparten opplever å ha rekrutteringsproblemer. Vekstambisjonene i sjømatnæringen kan derfor vise seg vanskelig å realisere, heiter det i rapporten.

I vår skal Kunnskapsdepartementet komme med ei såkalla utsynsmelding. Den skal fortelje om kompetansebehovet i Noreg, og kan vere med å forme ut utdanningstilbodet ved utdanningsinstitusjonane.

Størst behov i havbruk
Kartlegginga syner at rekrutteringsbehovet er aller størst i havbruksnæringa. Med det lågaste estimatet ventar havbruksnæringa at dei i 2030 vil trenge 7.222 nytilsette.

Eit høgt estimat doblar dette til 14.618 tilsette. Etterspurnaden etter kompetanse er størst innan økonomiske- og administrative fag, naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag og primærnæringsfag.

Det er kandidatar med kompetanse frå yrkesfagleg vidaregåande opplæring og fagskule som er mest ettertrakta, og næringa har også eit stort behov for leiarar.

Grunnrente og Ukraina-krig gir uvisse
Det går fram av rapporten at det er knytt uvisse til berekningane.

Både ytterlegare sanksjonar som følgje av krigen i Ukraina og regjeringsframlegget om grunnrenteskatt på havbruk, kan få konsekvensar for kompetanse- og rekrutteringsbehovet i framtida.

Rapporten er finansiert av forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa (FHF), NCE Blue Legasea og Åkp Idélab.

(©NPK)

Publisert: 16.01.2023 21:50

Sist oppdatert: 18.01.2023 10:44

Mer om