Satsar gjerne på lokal arbeidskraft utan fagbrev
Båtbygg sikra arbeid i lang tid framover. Har god erfaring med å tenke «utanfor boksen» i rekrutteringa.
Båtbygg er mellom verfta på Nordvestlandet som i desse dagar er på jakt etter fleire tilsette.
«Fagbrev er ønskelig, men ingen forutsetning», heiter det mellom anna i annonsen der verftet søker etter nye mekanikarar. I tillegg skal dei ha automatikarar og elektromontørar.
Personalsjef Hans Ole Svarstad fortel at dei har god erfaring med å lempe på kravet til fagutdanning når dei rekrutterer. Slik opplever dei å kome i kontakt med kandidatar som elles ville bli sortert ut allereie i søkarprosessen.
– Alt kan lærast
– Vi har knytt til oss fleire arbeidstakarar på den måten. Det kan vere folk som har mekanisk interesse og erfaring frå andre typar mekanisk arbeid, men som ikkje har fagbrev, seier Svarstad.
– Alt kan lærast, og vi har god erfaring med at desse personane har blitt gode fagarbeidarar, legg han til.
Verftet har kring 50 eigne tilsette i arbeid. I tillegg har dei lokale verftseigarane fleire søsterselskap som har tilsette i sving på anlegget.
Satsar på lokal ungdom
I år har verftet fem lærlingar i arbeid og personalsjefen fortel at dei legg mykje ressursar i å rekruttere lokal, og gjerne ung arbeidskraft.
Dei har hatt fleire eksempel på ungdomar som har gått mekanikarlinja for køyretøy, og som finn ut at dei i staden vil satse på ein framtid i verftsbransjen.
– Vi opplever at dei lokale ungdomane som startar som lærlingar, blir verande i bedrifta. Dei har gjerne ei genuin interesse for mekanikarfaget og skrur kanskje bil på fritida, fortel personalsjefen.
Andre igjen har starta lærlingtida til sjøs, og av ulike årsaker funne ut at dei heller vil jobbe på land.
– Dei har gjerne kompisar som jobbar hos oss, og som har vore flinke til å framsnakke arbeidsplassen. Det er sjølvsagt kjekt, legg han til.
Tøffare å rekruttere frå utlandet
NETT NO skreiv førre veke om rekrutteringsboomen mellom verfta - og sjefen ved Fiskerstrand Verft er uroa for generasjonsskiftet i bransjen.
Ved Båtbygg på Raudeberg er snittalderen for dei tilsette 44 år, som gjer at verftet har ein langt jamnare aldersfordeling enn mange i bransjen.
Men også dei merkar at kampen om verftsarbeidarane har blitt tøffare.
Svarstad påpeiker at svak kronekurs, gjer at mange utanlandske arbeidarar, no heller vel jobbar i andre land, der dei får betalt i euro.
Nytt år med overskott
Framtidsutsiktene er uansett lysare enn på lenge for Raudeberg-verftet, som i år markerer 80 år i bransjen. Verftssjef og medeigar Kjell-Inge Sjåstad fortel at omsetninga i 2023 ligg på nivå med fjoråret.
Det blir også nok eit år med overskott for verftet - som ikkje har levert minusresultatet på meir enn 20 år.
Båtbygg satsar i første rekke på reparasjon og vedlikehald, men har i tillegg sikra seg oppdraget med å bygge ein nær 70 meter lang linebåt til eit australsk reiarlag.
– Vi har allereie fylt opp store delar av 2024 med arbeid. Så kjem nybygget kring årsskiftet, og sikrar arbeid utover i 2025. Det er ein lang horisont for eit verft som oss, seier personalsjef Svarstad.
Publisert: 12.12.2023 05:00
Sist oppdatert: 11.12.2023 20:32