Stor handel i Forland Shipping laan
STOR HANDEL: Eigarskapen til over 90 prosent av obligasjonslånet som finansierte "Fugro Saltire" (biletet) har skifta hender i løpet av 2017.
Nytt

Stor handel i Forland Shipping-lån

I løpet av 2017 har over 90 prosent av obligasjonslånet til Forland Shipping skifta eigar. Åge Remøy må ha eigarane av to tredjepartar av lånet bak seg for å overta reiarlaget.

24.10.2017
Som ein del av vilkåra for å overta offshorereiarlaget Forland Shipping vil Åge Remøy og partnarane i In Nord Vest at obligasjonseigarane, som i lånte reiarlaget 359 millionar kroner i 2013, går med på å utsette tilbakebetalinga frå hausten 2018 til sommaren 2021.

Remøy seier rådgivarane til In Nord Vest hadde fått støtte frå eigarane til over 50 prosent i lånet, før refinansieringsplanen vart lansert.

Får alt

Obligasjonslånet blei gitt for å finansiere "Fugro Saltire" det eine av dei to subsea-skipa til Forland Shipping. Planen er at obligasjonseigarane skal få att alt, men seinare enn avtalt.

Går framlegget til refinansiering gjennom vil obligasjoneigarane får attendebetalt 36 millionar kroner kort tid etter at refinansieringsplanen er vedtatt. Resten blir betalt attende i 2021.
Dersom inntektene for å leige ut båten stig over eit avtalt nivå undervegs skal obligasjonslångivarane få ein andel som avdrag før forfall.
Obligasjonseigarmøtet som skal ta stilling til framlegget er 3. november i år.

Mange kjøp

Handelen med den børsnoterte Forland Shipping-obligasjonen fordeler seg på 21 transaksjonar i løpet av 2017.
Obligasjonane er kjøpt til kursar mellom 68,85 og 90 prosent av pålydande, som betyr at kjøparane ligg an til mellom 11 og 45 prosent gevinst på investeringa dersom dei får tilbakebetalt heile lånet.
I ein tidlegare artikkel skreiv NETT NO at berre cirka 10 prosent av lånet er omsett i 2017. Det rette er over 90 prosent, og informasjonen er korrigert.

Publisert: 24.10.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15