Allereie før selskapet formelt lanserte eit produkt i marknaden, hadde Disruptive Technologies 30.000 sensorar rundt om i verda. Selskapet fortel at dei har stor pågang frå både kundar og andre som vil samarbeide om det som skal vere verdas minste trådlause sensorar.
– Ja, det har vore stor interesse, stadfestar Stian Færøy som jobbar med kundekontakt frå Volda-kontoret, til NETT.NO.
Teknologien har vunne fleire prisar og dei har kundar både i Møre og Romsdal, og gigantar som Ericsson, Siemens og British Telecom.
– Vi utvidar no og er på utkikk etter fleire medarbeidarar, seier Færøy.
Disruptive Technologies er i ein kontinuerleg rekrutteringsfase, men per no er det snakk om fem nye tilsette som skal på plass i selskapet totalt.
Det er eit sterkt ønskje at minst ein av desse kjem ved Volda-kontoret for å jobbe opp mot kundar i hovudsak i Europa. Elles er det ikkje noko krav til kvar dei nye tilsette skal jobbe.
– Kombinasjonen med å kunne flytte heim til trygge oppvekstvilkår for barna og tre minutt reiseveg til jobben - og samstundes kunne jobbe med nokon av dei flinkaste folk i verda - gjorde det aktuelt for min del, seier Vassbotn til NETT.NO.
Geir Førre som stod bak det norske Chipcon-eventyret, som i 2006 vart selt til Texas Instruments, er mellom dei Vassbotn og kollegaene samarbeider med. Radiobrikka dei utvikla finn du i dag i alt frå Play Station-kontrollere til bilnøklar.
Voldingen fortel at dei ønskjer at folk skal kunne jobbe der dei vil. Slik kan dei også rekruttere dei flinkaste folka – uavhengig av kvar dei er i verda fysisk.
– Men det er klart at flyplassen på Hovden og Widerøe, er heilt kritisk for at det er mogleg reint praktisk, påpeiker han.
No er ein ny emisjon på 85 millionar kroner på gong. Her har dei mellom anna , som skal bidra til å utvikle klimavennleg teknologi. Dei går inn med 20 millionar.
Investeringsdirektør Eivind Egeland Olsen i Nysnø Klimainvesteringer meiner sensorane til gründerane kan nyttas på eit utal ulike område og gir brukarane pålitelege data til å ta avgjersler.
Dei trådlause sensorane til Disruptive Technologies høyrer til i den mest avanserte delen av marknaden. Sensorane er mindre enn eit frimerke og kan måle temperatur, bevegelse og berøring. Med innebygd prosessering, radiokommunikasjon og eit batteri som varar i 15 år skal kundane kunne ta avgjersler basert på konkrete data.
Etter at dei fekk CE-sertifisering mot slutten av fjoråret tok ting av, og dagleg får no brukarane inn meir enn tre millionar registreringar frå sensorbrikkane.
– Berekraft og ein grøn profil er ein grunnpilar i kulturen vår. Vi jobbar mot eit smartare, meir berekraftig samfunn, der vi vil hjelpe organisasjonar med å ta kloke val basert på sikre data. Vi mulegjer drastisk reduksjon av forbruk og auka effektivisering med bruk av sensorteknologi, uttalde administrerande direktør Erik Fossum Færevaag i Disruptive Technologies då Nysnø-investeringa vart gjort offentleg førre veke.
Produksjonen av brikkene vart først gjort for hand her i Norge, men i fjor haust starta dei produksjon ved ein fabrikk i Tyskland.
Ein stor del av verdas energiforbruk skjer ved næringseigedomar, og dette er difor eit svært aktuelt bruksområde. Allereie har ein av verdas største leverandørar av tenester i denne marknaden teke i bruk løysinga, som gjer at brukarane opplever ein komfortabel temperatur – og samstundes reduserer energiforbruket.
Kraftselskapet Hafslund er mellom andre pilotkundar. Dei testar om teknologien kan nyttast til å sikre transformatorar mot brann, og på sikt ser dei føre seg at den kan nyttast til å varsle til dømes høg temperatur i sikringsskapet ditt heime.
Avvik i temperatur i handtering av vaksiner og medisinar og overvaking av mat som er kjenslevar mot temperatursvingingar er andre bruksområde der sensorane allereie er i bruk.
– Ja, det har vore stor interesse, stadfestar Stian Færøy som jobbar med kundekontakt frå Volda-kontoret, til NETT.NO.
Teknologien har vunne fleire prisar og dei har kundar både i Møre og Romsdal, og gigantar som Ericsson, Siemens og British Telecom.
Vil ha fleire tilsette
Teknologiselskapet starta opp i 2013 og har i dag meir enn 50 tilsette ved ulike avdelingar. Hovudkontoret er i Bergen, men dei er også til stades i Oslo, Trondheim, Århus, London, Paris, München og USA – i tillegg til tre tilsette med kontor ved Spinneriet i Volda.– Vi utvidar no og er på utkikk etter fleire medarbeidarar, seier Færøy.
Disruptive Technologies er i ein kontinuerleg rekrutteringsfase, men per no er det snakk om fem nye tilsette som skal på plass i selskapet totalt.
Det er eit sterkt ønskje at minst ein av desse kjem ved Volda-kontoret for å jobbe opp mot kundar i hovudsak i Europa. Elles er det ikkje noko krav til kvar dei nye tilsette skal jobbe.
Flytta heim frå Silicon Valley
Tidlegare utviklingssjef i Google, Tarjei Vassbotn, og Einar Yngve Aarflot jobbar også ved satellittkontoret på Sunnmøre. Vassbotn er rekna som eit av dei fremste teknologihovuda her til lands, og flytta heim til Volda frå Silicon Valley i 2016.– Kombinasjonen med å kunne flytte heim til trygge oppvekstvilkår for barna og tre minutt reiseveg til jobben - og samstundes kunne jobbe med nokon av dei flinkaste folk i verda - gjorde det aktuelt for min del, seier Vassbotn til NETT.NO.
Geir Førre som stod bak det norske Chipcon-eventyret, som i 2006 vart selt til Texas Instruments, er mellom dei Vassbotn og kollegaene samarbeider med. Radiobrikka dei utvikla finn du i dag i alt frå Play Station-kontrollere til bilnøklar.
Voldingen fortel at dei ønskjer at folk skal kunne jobbe der dei vil. Slik kan dei også rekruttere dei flinkaste folka – uavhengig av kvar dei er i verda fysisk.
– Men det er klart at flyplassen på Hovden og Widerøe, er heilt kritisk for at det er mogleg reint praktisk, påpeiker han.
Har snart henta inn 400 mill.
Interessa kring Disruptive Technologies har vore så stor at selskapet allereie i fjor hadde henta inn kring 320 millionar kroner i ulike emisjonar. Mellom dei som har investert er Ubon Partners med mellom anna Odd Johnny Winge, og nemnte Geir Førre via Mrf Invest.No er ein ny emisjon på 85 millionar kroner på gong. Her har dei mellom anna , som skal bidra til å utvikle klimavennleg teknologi. Dei går inn med 20 millionar.
Investeringsdirektør Eivind Egeland Olsen i Nysnø Klimainvesteringer meiner sensorane til gründerane kan nyttas på eit utal ulike område og gir brukarane pålitelege data til å ta avgjersler.
Mindre enn eit frimerke
Marknaden for som det som vert omtalt som «internet of things», eller – med forkortinga IoT – er venta å bli enorm globalt. Enkelt forklart dreiar det seg om å kople system eller gjenstandar til nettet, noko stadig fleire nyttar seg av på ulike vis i heimane sine.Dei trådlause sensorane til Disruptive Technologies høyrer til i den mest avanserte delen av marknaden. Sensorane er mindre enn eit frimerke og kan måle temperatur, bevegelse og berøring. Med innebygd prosessering, radiokommunikasjon og eit batteri som varar i 15 år skal kundane kunne ta avgjersler basert på konkrete data.
Etter at dei fekk CE-sertifisering mot slutten av fjoråret tok ting av, og dagleg får no brukarane inn meir enn tre millionar registreringar frå sensorbrikkane.
Trur på sal av fleire milliardar sensorar
I åra som kjem har Disruptive Technologies som mål å selje fleire milliardar sensorar. Ein merkedag for selskapet var 28. februar då dei formelt lanserte eit ferdig produkt for marknaden. Eit sentral stikkord er sjølvsagt energieffektivisering.– Berekraft og ein grøn profil er ein grunnpilar i kulturen vår. Vi jobbar mot eit smartare, meir berekraftig samfunn, der vi vil hjelpe organisasjonar med å ta kloke val basert på sikre data. Vi mulegjer drastisk reduksjon av forbruk og auka effektivisering med bruk av sensorteknologi, uttalde administrerande direktør Erik Fossum Færevaag i Disruptive Technologies då Nysnø-investeringa vart gjort offentleg førre veke.
Produksjonen av brikkene vart først gjort for hand her i Norge, men i fjor haust starta dei produksjon ved ein fabrikk i Tyskland.
Kan nyttast på mange område
Allereie har store aktørar innan eigendom, energi og helse bygd sine løysingar på deira teknologi.Ein stor del av verdas energiforbruk skjer ved næringseigedomar, og dette er difor eit svært aktuelt bruksområde. Allereie har ein av verdas største leverandørar av tenester i denne marknaden teke i bruk løysinga, som gjer at brukarane opplever ein komfortabel temperatur – og samstundes reduserer energiforbruket.
Kraftselskapet Hafslund er mellom andre pilotkundar. Dei testar om teknologien kan nyttast til å sikre transformatorar mot brann, og på sikt ser dei føre seg at den kan nyttast til å varsle til dømes høg temperatur i sikringsskapet ditt heime.
Avvik i temperatur i handtering av vaksiner og medisinar og overvaking av mat som er kjenslevar mot temperatursvingingar er andre bruksområde der sensorane allereie er i bruk.
Vi utvidar no og er på utkikk etter fleire medarbeidarar
Publisert: 13.03.2019 13:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32