Nytt
Stor tru på Ørsta som godsknutepunkt
Ny godsrute til sjøs kan fjerne hundrevis av vogntog frå vegane. Nor Lines vil ha Ørsta som knutepunkt og Vik Ørsta er samarbeidspartnar.
Marius Rosbach
17.01.2020
Nor Lines er mellom for å opprette nye ruter for godstransport til sjøs som skal erstatte vegtransport.
Blant seks forslag til nye ruter – ber dei om 5,2 millionar kroner til ei rute mellom Ørsta og Kirkenes.
Vik Ørsta som driftar godsterminalen, er med i samarbeidet. Dei har allereie ein del transport i første rekke nordover - men vil gjerne auke. Tidlegare hadde dei faste skipsanløp, men i det siste har bedrifta bestilt båttransport etter behov.
– Vi ønsker å frakte meir ved hjelp av båt, og vi vil gjerne ha fleire aktørar lokalt til å nytte sjøtransport, fortel Ørsta Vik-direktør Kjetil Nesset til NETT NO.
– Ørsta er planlagt som ei form for snuhamn og hovud-«hub» i dette området. Nor Lines har allereie eit stort volum som går ut via Ålesund, men vi ser behovet for å strekke oss inn i fjordane og famne ein større del av regionen, fortel Per Anders Brattgjerd som er produktsjef i Nor Lines Daily, til NETT NO.
Han er godt orientert om geografien og næringslivet i regionen.
– Det er ei ekstrem verdiskaping som skjer i dette området, både innover i fjordane med Ørsta og Volda, men også Hareidlandet og Fosnavåg, seier Brattgjerd.
– Mykje av det som blir frakta, kan transporterast sjøvegen. Men då må transportnæringa ha eit tilbod med høg nok kapasitet og høg nok frekvens, seier han.
Dei nyttar skip frå ulike reiarlag og Brattgjerd samanliknar transportverksemda med Posten Bring og dei andre store samlastarane – berre på sjøen.
– Vi utviklar ein ny service som vi håpar å få opp og gå, takka vere denne støtteordninga, seier han.
Førebels er søknaden til behandling hos Kystverket. Om dei får grønt lys, vil dei gjere eit framstøyt mot bedrifter i regionen som kan vere aktuelle brukarar.
Blant seks forslag til nye ruter – ber dei om 5,2 millionar kroner til ei rute mellom Ørsta og Kirkenes.
Vik Ørsta som driftar godsterminalen, er med i samarbeidet. Dei har allereie ein del transport i første rekke nordover - men vil gjerne auke. Tidlegare hadde dei faste skipsanløp, men i det siste har bedrifta bestilt båttransport etter behov.
– Vi ønsker å frakte meir ved hjelp av båt, og vi vil gjerne ha fleire aktørar lokalt til å nytte sjøtransport, fortel Ørsta Vik-direktør Kjetil Nesset til NETT NO.
Les også:
Ørsta som hovud-«hub»
Per Anders Brattgjerd som er produktsjef i Nor Lines Daily, leiar arbeidet med satsinga til reiarlaget på sjøtransport. Nor Lines har kring 60 terminalar langs kysten og har utvikla eit nettverk av ulike ruter.– Ørsta er planlagt som ei form for snuhamn og hovud-«hub» i dette området. Nor Lines har allereie eit stort volum som går ut via Ålesund, men vi ser behovet for å strekke oss inn i fjordane og famne ein større del av regionen, fortel Per Anders Brattgjerd som er produktsjef i Nor Lines Daily, til NETT NO.
Han er godt orientert om geografien og næringslivet i regionen.
– Det er ei ekstrem verdiskaping som skjer i dette området, både innover i fjordane med Ørsta og Volda, men også Hareidlandet og Fosnavåg, seier Brattgjerd.
Les mer:
Synspunkt:
– Høg nok kapasitet og høg nok frekvens
Nor Lines har rekna ut at dei årleg kan flytte kring 29.000 tonn frå vegtransport til skip på Ørsta-ruta. Det svarar til om lag 700 vogntog med 40 tonns last.– Mykje av det som blir frakta, kan transporterast sjøvegen. Men då må transportnæringa ha eit tilbod med høg nok kapasitet og høg nok frekvens, seier han.
Dei nyttar skip frå ulike reiarlag og Brattgjerd samanliknar transportverksemda med Posten Bring og dei andre store samlastarane – berre på sjøen.
Er avhengig av støtte
Brattgjerd fortel at satsinga deira gir auka bruk og opplever at utviklinga for godstransporten til sjøs no går rett veg fleire stader. Han trur det same vil skje på søre Sunnmøre om dei får på plass ei Ørsta-ruta. Men han påpeiker at dei har avhengig av støtte i oppstarten.– Vi utviklar ein ny service som vi håpar å få opp og gå, takka vere denne støtteordninga, seier han.
Førebels er søknaden til behandling hos Kystverket. Om dei får grønt lys, vil dei gjere eit framstøyt mot bedrifter i regionen som kan vere aktuelle brukarar.
Les også:
Mykje av det som blir frakta, kan transporterast sjøvegen. Men då må transportnæringa ha eit tilbod med høg nok kapasitet og høg nok frekvens
Publisert: 17.01.2020 14:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50