Gunther Dahler Geiranger Hotel foto Ogne
MEIR ATTRAKTIVT: Geiranger blir eit meir attraktiv reisemål med heilårsferje på fjorden, meiner Havila Hotels-sjef Gunther Dahler. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Store forventningar til heilårsferje

Rundt halvparten av forespørslane til Geiranger om vinteren, endar utan sal. Det vil heilårsferje endre på trur Havila Hotels-sjef Gunther Dahler.

08.12.2021

Denne veka stadfesta fylkestinget i Møre og Romsdal at det blir ferjerute på Geirangerfjorden også om vinteren.

- Det vil sette oss i ein mykje betre posisjon til å ha eit mykje større og breiare tilbod med tanke på heilårsdrift, seier leiar for Havila Hotels, Gunther Dahler.

Havila Hotels eig mellom andre Hotell Geiranger, som vart kjøpt frå familien Haldorsen i 2019.

Takkar nei
Ein avtale om å huse tilsette til entreprenøren som byggjer tunell på vegen mellom Eidsdal og Geiranger skapte grunnlag for heilårsdrift for Hotell Geiranger, og det vil Dahler halde fram med også etter at tunellen er ferdig.

Så langt har kommunikasjonstilbodet vore eit hinder om vinteren.

Dahler anslår at omlag halvparten av forespørslane om å legge arrangement til Hotell Geiranger om vinteren endar med at det ikkje blir noko sal.

Grunnen er at moglege kundar ikkje vil ta sjansen på stengt veg på grunn av dårleg vêr.

Med ferjesamband i tilleg blir risikoen for å ikkje kome seg til eller frå mykje mindre. Dessutan kan ferje vere eit meir lettvint og attraktivt alternativ for mange ennå køyre via Eidsdal, meiner Dahler.

Gratis for passasjerar
Medan ferja som går Geiranger - Hellesylt i høgsesongen er eit samband utan offentleg støtte skal vinterruta drivast med støtte, etter gjeldande regulativ for ferjestrekningar på fylkesvegane. Det betyr gratis ferjetur for passasjane som set bilen att på Hellesylt.

- Det er ei fantastisk nyheit, sa Monja Mjelva i Hotel Union Geiranger då fylkesutvalet i Møre og Romsdal tidlegare i haust gjekk inn for heilårsferje.

Ho driv hotellet saman med ektemannen Sindre, og har i mange år arbeidd for eit heilårs ferjesamband mellom anna for å gjere Geiranger til eit større turist- og reiselivsmål også om vinteren.

Vintersatsinga til hotellet har så langt vore eit tapsprosjekt for hotellselskapet, og Mjelva er glad for at bidraget som ferjesamband om vinteren vil vere for å gjere det lettare å kome til og frå Geiranger.

Publisert: 08.12.2021 17:00

Sist oppdatert: 09.12.2021 09:27