- Ei fantastisk nyheit
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal seier ja til vinterferje på Geirangerfjorden.
- Det er ei fantastisk nyheit, seier Monja Mjelva i Hotel Union Geiranger.
Ho driv hotellet saman med ektemannen Sindre, og har i mange år arbeidd for eit heilårs ferjesamband mellom anna for å gjere Geiranger til eit større turist- og reiselivsmål også om vinteren.
Vintersatsinga til hotellet har så langt vore eit tapsprosjekt for hotellselskapet, og Mjelva er glad for at bidraget som ferjesamband om vinteren vil vere for å gjere det lettare å kome til og frå Geiranger.
Les også
- Fleire heilårstilsette, eit meir robust samfunn, seier Mjelva om konsekvensen av å få fast ferjesamband mellom Geiranger og Hellesylt også i vinterhalvåret.
Utvidar beredskapstilbodet
I dag har fylket ein beredskapsavtale med Fjord1 om at selskapet kan sette i gang er rute mellom Geiranger og Hellesylt om vinteren, på fem timars varsel. Det er ei løysing som kan brukast når vegsambandet via Eidsdal er stengt, ikkje ei fast rute.
Sjølv om tunellen som er under bygging på vegen mellom Eidsdal og Geiranger vil gi Geirangersamfunnet tryggare veg til omverda på vinterstid vil det framleis "vere utfordringar knytt til transportberedskapen vinterstid for dei som oppheld seg i Geiranger også etter at prosjektet Korsmyra-Indreeide er ferdigstilt, skriv fylkeskommunedirektøren i si innstilling til fylkesutvalet.
Fylkeskommunedirektøren vurderer det ekstrakostnaden med å etablere drive eit slikt vintersamband vil vere mellom tre og fire millionar kroner. Til skilnad frå den heilkommersielle sommarruta vil vintersambandet få offentleg støtte.
Les også
Tre-fire turar dagleg
Kor mange daglege avgangar det blir om vinteren mellom Hellesylt og Geiranger er ikkje avgjort, men administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1, som driv ferja i dag, seier det bør bli tre-fire daglege avgangar.
Kva ferje som skal brukast er heller ikkje avgjort, men fylkeskommunedirektøren foreslår ei mindre ferje enn den som trafikkerer fjorden i sommarsesongen, med plass til minimum 20 personbilar.
Dagens beredskapsordning vil vare ut året, og fast vinterrute kan starte etter årsskiftet 2021/2022.
Vedtaket i fylkesutvalet var samrøystes.
Publisert: 21.09.2021 09:51
Sist oppdatert: 21.09.2021 09:55