Store kjoep i Island Offshore obligasjon
NY AKTØR?: Store postar i obligasjonslånet til Island Offshore Shipholding har skifta eigar. Ukjent med kven som er kjøpar, seier administerande direktør Håvard Ulstein.
Nytt

Store kjøp i Island Offshore-obligasjon

Nesten halvparten av obligasjonslånet i Island Offshore har skifta eigar sidan i vår. Ukjent kven som kjøper.

08.09.2016
- Det er ikkje meg, seier Bergensinvestoren Trond Mohn om oppkjøpa i det børsnoterte obligasjonslånet på 473 millionar kroner i Island Offshore Shipholding.
Frå og med april er eigarskapen til 48 prosent av lånet på 473 millionar kroner handla på børsen. Mesteparten av handlane har skjedd i august og fram til og med 2. september viser tal frå Oslo Børs. I den perioden er 40 prosent av lånet omsett.
Den siste posten, på litt over 10 prosent av lånet, blei handla 2. september. Kursen var 51,2 prosent av pålydande.
Dersom det er snakk om ein investor som har gjort alle kjøpa så sit vedkomande med minst negativ kontroll (meir enn ein tredjepart eigarskap) i lånet. Det betyr at vedkomande vil kunne stemme ned eventuelle framlegg til framtidige refinansieringar som omfattar obligasjonslångivarane i selskapet. (Oppkjøpa er å store at også i høve til det opphavlege lånet på 700 millioner kroner er det heilt på grensa til å tilsvare ein tredjepart).

Venlegsinna kjøp

Før jul 2015 gjekk Mohn inn og støttekjøpte obligasjonar i selskapet, og hindra dermed andre i å ta negativ kontroll i lånet i samband med arbeidet med refinansiering av Island Offshore Shipholding.
Mohn var allereie inne på eigarsida og långiver i riggselskapet Island Drilling. Han la ikkje skjul på at obligasjonskjøpet i Island Offshore Shipholding var ei vennlegsinna handling, og ei hjelpande hand til Ulsteinfamilien.
- Eg har jo kjent Morten (Morten Ulstein, red.merk)sidan 80-talet og betraktar han som ein venn. Ryddig, dyktig. Morten får det til, så enkelt er det, sa Mohn til NETT NO.

I mars kjøpte Mohn ut deler av lånet, som ein del av refinansieringa av selskapet. Dermed vart lånet redusert frå 700 til 473 millionar kroner.

Kan kjøpe attende

Medan offshorereiarlaga som framleis forhandlar med sine långivarar om refinansieringsløysingar snakkar om å finne ei løysing som vil ta dei gjennom ei krise heilt fram til 2020, har Island Offshore ein avtale som har skubba på attendebetaling på lån fram til 2018.
Island Offshore Shipholding har ein klausul i låneavtalen som sikrar selskapet rett til å innfri heile obligasjonslånet til full verdi, pluss litt rente, før låneperioden går ut.
Det gjer at selskapet kan kvitte seg med eventuelle brysomme obligasjonseigarar, men då til ein pris som pr. i dag er dobbelt så høg som lånet er verdsett til i marknaden.

Publisert: 08.09.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00