Oslo børs montasje
ULIK UTVIKLING: Frå høgre til venstre; Nortel er ein av børsvinnarane på Nordvestlandet så langt i år, Hofseth Biocare med Roger Hofseth som primus motor er ned over 20 prosent, Knut Flakk er stor aksjonær i Hexagon-selskapa som begge er opp over 20 prosent, Njål, Per og resten av Sævikfamilien kan glede seg over av kursaken held fram i Havila Shipping også i år, medan Golden Energy Offshore Services ikkje har fått drahjelp av ein betre offshoremarknad.
Nytt

Store skilnader på børsen

Aksjekursen i Endur og Nortel har stige over 35 prosent i år, like mykje som Statt Torsk har falle.

02.04.2023
ANALYSE

Samla sett er aksjane på Oslo Børs omlag like mykje verdt ved slutten av tredje kvartal som i starten av 2023.

Hovudindeksen - som gir eit samla bilete av korleis aksjeverdiane endrar seg - er opp 0,38 prosent så langt i år.

Fram til 3. mars gjekk det oppover. Då var hovudindeksen opp 5,6 prosent sidan årsskiftet. Då byrja internasjonal bankuro å bite, og no er hovudindeksen attende omlag der den starta i år. Det betyr at den som har investert i eit tverrsnitt av alle aksjane på Oslo Børs i dag korkje er særlege rikare eller fattigare enn då året starta. Pengane kunne like godt stått i banken, og med stigande rente kunne det kanskje gitt litt betre avkastning.

Men gjennomsnittet av børsen er ein ting, einskildaksjar er noko anna.

For det første gjorde dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet det betre enn hovudindeksen. Samla auka verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet med 2,3 milliardar kroner, ein auke på 7,5 prosent sidan årskiftet, til 32,2 milliardar kroner.

For det andre er det store spik i verdiutviklinga også mellom selskapa på Nordvestlandet.

I årets tre første månadar i år er Endúr børsvinnar på Nordvestlandet, med ein kursauke på 36,67 prosent. Industri-, ingeniør- og prosjekteringselskapet har fått auka tillit med betre drift og gunstigare finansiering og har hatt ei positiv utvikling på børsen sidan slutten av januar i år.

Nortel ligg hakk i hel med ein kursauke på 35,14 prosent. Det er meldinga tidlegare i år om moglelege friarar som har løfta aksjekursen. Storparten av aksjane i selskapet er samla på få hender, og aksjehandelen har vore relativt liten sidan børsnoteringa i november 2020. Aksjekursen har difor vore eit lite sikkert bilete på verdien av selskapet, medan eit bod på heile selskapet vil gi investorane eit svar på den reelle verdien - og ein sjanse til å inkassere ein gevinst om dei vel å selje.

På vinnarsida er også offshorereialaget Havila Shipping, den maritime utstyr- og tenesteleverandøren Hav Group, og Hexagon Purus og hovudaksjonæren Hexagon Composites. (Sjå tabell i slutten av artikkelen)

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Aksjekursen var 40 kroner då selskapet vart børsnotert i desember 2020, men meir enn dobla seg på kort tid - på den tida alt som kunne kallast grømnt gjekk rett opp på børsen. Lufta fisla imidlertid fort ut av den grøne ballongen og januar 2022 var kursen heilt nede i 15 kroner aksjen. Etterpå har det både vore opp og nedturar. I mars i år har trenden vore fallande, men kursen er framleis 26,09 prosent opp sidan årsskiftet.

Inntektene veks, men Hexagon Purus har per i dag langt høgare kostnadar enn inntekter. Likevel er det eigarskapet i Hexagon Purus som blir lagt stor vekt på i vurderinga av Hexagon Composites sjølv om det selskapet driv ein mogen marknad med sine tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde.

At Statt Torsk ligg nederst på lista, kan truleg forklarast med at det er lite, at det er framleis byggjer opp produksjonen - som krev kapital, og at det ligg bak sine opphavlege produsksjonsplanar. At regjeringa må forhandle med SV om lakseskatten hjelper truleg heller ikkje, for SV vil ha ekstraskatt på torskeoppdrett også.

Atlantic Sapphire er framles plaga av tillitstapet som kom då selskapet ifjor haust melde om framskunda slakting på grunn av unormal høg dødlegheit i det landbaserte oppdrettanlegget ved Miami.

Hofseth Biocare er no attende på det kursnivået selskapet låg på før det i 2019 melde om ein potensiell lukrativ helsekostavtale i USA som kunne gjere selskapet til eit selskap med overskot. Det overskotet har ikke vist seg enno.

Børsselskap på Nordvestlandet
Utvikling i 1. kvartal 2023
Selskap Kursutvikling i % Børsverdi i mill. Kroner
Endúr 36,27 1530
Nortel 35,14 564
Hav Group 29,88 386
Hexagon Purus 26,09 7224
Havila Shipping 26,01 371
Hexagon Composites 21,53 6714
Eqva (tidlegare Havyard Group) 10,54 234
Salmon Evolution 0,36 2870
Arctic Bioscience -3,81 277
Sparebanken Møre -7,89 3844
Havila Kystruten -12,44 709
Golden Energy Offshore Services -13,89 58
Norva 24* -14,97 5250
Hofseth Biocare -21,58 1019
Atlantic Sapphire -23,69 869
Statt Torsk -35,4 232
SUM 32151
*Svenske kroner

Publisert: 02.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 02.04.2023 09:15

Mer om