Collagae oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TRE NED OG EIN OPP: Christian Pritchard (oppe til høgre) er sjef og storaksjonær i mobiltelefoniselskapet Nortel. Trond Lars Nydal (nede til venstre) styrer Sparebanken Møre, Njål Sævik (i midten) er sjef for offshorereiarlaget Havila Shipping og medeigar i Havila Kystruten. Knut Flakk (til høgre) er styreleiar og medeigar i Hexagon Composites, som i sin tur er største eigar i Hexagon Purus. Foto: Ogne Øyehaug/Kjetil Haanes.
Analyser

Mest minus i 2022

For andre år på rad er det børsnedtur på Nordvestlandet.

30.12.2022

ANALYSE

Berre dei to offshore-reiararlaga Havila Shipping (+199,03 prosent) og Golden Energy Offshore Services (+ 68 prosent) kan vise til ein verkeleg solid kursauke i 2022.

At nettopp desse to selskapa er på topp fortel mellom anna at det framleis er tru på at det er pengar å tene på å vere ein aktør i oljebransjen.

I tillegg hadde Eqva og Endúr kursauke i 2022. (Sjå tabell under. Ellers er det minus.

Det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire blei den største børstaparen etter at problem i produksjonen gjorde at selskapet måtte framskunde slakting i haust.

Hovudindeksen på Oslo Børs, som gir ein peikepinn over den samla utviklinga for børsnoterte selskap er ned 1,03 prosent i år.

Samanlikna med den samla børsutviklinga har Havila Shipping og Golden Energy Offshore Services-aksjonærane god grunn til å gle seg over 2022.

Dei hadde imidlertid kunne gle seg enda meir om ikkje det var for at toppen for aksjekursen i begge offshorereiarlaga var i første halvår, og at den etterpå er ned 63 prosent for Golden Energy Offshore og redusert med 58 prosent for Havila Shipping.

6,1 milliardar borte
Samanlikna med utgangen av 2021 har den samla verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet falle med 6,1 milliardar kroner i 2022.

Det er ein nedgang på 17 prosent. Hovudindeksen på Oslo Børs fall til samanlikning 1,03 prosent i 2022.

2021 var eit verre børsår enn 2022 for selskapa på Nordvestlandet. Børsverdiar for 21 milliardar blei borte i løpet av 2021 og verdifallet var på 38 prosent. Hovudindeksen steig 20 prosent i 2021.

Tendensen er likevel den same. Dei to siste åra har aksjane i dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet til saman gjort det dårlegare enn børsen samla sett.

Henta pengar
I tillegg til å vere ein marknadsplass for kjøp og sal av aksjar gjer børnotering det også lettare å hente meir eigenkapital til selskap som treng påfyll i kassa.

Med det utgangspunktet må 2022 seiast å ha vore eit godt år for dei børsnoterte selskap på Nordvestlandet

Åtte selskap; Golden Energy Offshore, Hexagon Purus, Salmon Evolution, Atlantic Sapphire, Nortel, Hofseth Biocare, Statt Torsk og Havila Kystruten henta til saman 2,7 milliardar kroner i kapitalutvidinga i år.

Den største sto Atlantic Sapphire for, med 1,2 milliardar kroner.

Artikkelen held fram etter tabellen

Børsåret
Selskap Kurs i kroner Høgaste kurs i 2022 Lågaste kurs i 2022 Børsverdi i mill. Kroner %-Endring i 2022
Havila Shipping 12,38 29,50 3,40 294 199,03 %
Golden Energy Offshore Services 1,26 3,44 0,65 68 68,00 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,94 5,25 2,11 212 22,30 %
Endúr 34,49 35,75 18,55 947 0,12 %
Norva 24* 33,70 39,99 20,48 6156 -1,39 %
Hexagon Purus 20,70 44,00 15,00 5346 -4,17 %
Salmon Evolution 8,27 11,70 7,39 2849 -4,19 %
Sparebanken Møre 84,41 98,20 67,98 4173 -4,94 %
Hexagon Composites 27,40 38,68 21,60 5528 -16,25 %
Nortel 22,20 27,50 16,00 417 -19,27 %
Arctic Bioscience 11,80 19,00 9,52 288 -33,71 %
Statt Torsk 1,70 2,99 1,56 356 -38,25 %
Hav Group 8,50 20,20 8,10 298 -40,12 %
Hofseth Biocare 3,29 7,10 2,21 1300 -52,32 %
Havila Kystruten 10,85 25,80 10,40 536 -53,04 %
Atlantic Sapphire 7,43 46,90 4,60 1128 -82,58 %
*Svenske kroner

Tapar pengar
Rekneskapen per 3. kvartal 2022 for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet viser at berre fire av 14 har plussresultat i årets ni første månadar.

Størst underskot er det i Havila Kystruten, Hexagon Composites og Hexagon Purus.

Det er ingen pengemaskiner mellom børsselskapa skreiv vi i NETT NO i ei oppsummering av kvartalsrapportane per 3. kvartal (klikk på lenke under og les heile artikkelen.)

Publisert: 30.12.2022 17:17

Sist oppdatert: 28.12.2023 10:03