Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MEST MINUS: Pengemaskinane mangla blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet i 2022. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aukar inntektene, men flest går i minus

Fire selskap i pluss. Det er den magre fasiten for børsnoterte selskap på Nordvestlandet i 2022.

19.03.2023
ANALYSE

Mangelen på pengemaskiner var tema då resultata for dei børsnoterte selskapa per 3. kvartal 2022 vart oppsummert i fjor. Med eit par unntak er tal per 4. kvartal 2022 klare, og tendensen er den same.

Dei fleste børsnoterte selskapa på Nordvestlandet gjekk med underskot i fjor, og det samla underskotet var større i 2022 enn i 2021, som du kan lese i tabellane under.

Å berre sjå på resultat-tala gir imidlertid ikkje heile biletet.

Driftsinntektene er opp 23 prosent sidan 2021, til 15,4 milliardar kroner for alle selskapa til saman. Med to unntak var det inntektsvekst for alle selskapa i fjor.

Inntektsvekst er normalt ein god ting, i alle fall om den blir kombinert med ei betring i lønsemda.

Om ikkje selskapet går i pluss er det i alle fall bra at det relative underskotet - underskot i høve til driftsinntekter - krympar. 12 av selskapa i oversikta var meir lønsame/mindre ulønsame i 2022 enn i 2021, sjølv om samanlagtresultatet var dårlegare lønsemd.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Resultat for børsnoterte selskap på Nordvestlandet
Pr. 4 kvartal. I mill. Kroner
Driftsinntekt Resultat før skatt
2022 2021 2022 2021
Hexagon Composites 4932 3543 -419 -302
Endúr 2511 2186 14 -199
Norva 24* 2467 2025 140 86
Sparebanken Møre 1756 1528 1013 833
Hexagon Purus** 960 508 -410 265
Havila Shipping 824 546 -112 66
Hav Group 620 917 6 88
Eqva (tidlegare Havyard Group) 441 910 -46 92
Havila Kystruten 322 36 -570 -79
Nortel 226 97 -68 -45
Golden Energy Offshore Services 139 71 -59 -63
Hofseth Biocare 121 88 -137 -127
Salmon Evolution 48 12 -33 -26
Arctic Bioscience** 34 22 -34 -38
Statt Torsk 34 9 -36 -29
SUM 15435 12498 -751

-8

Hexagon Purus og Atlantic Sapphire har ikkje rapportert pr. 4 kvartal enno
*Resultat er resultat etter skatt
**Driftsresultat før av- og nedskrivingar

TAL FOR 4. KVARTAL FINN DU I TABELL I SLUTTEN AV ARTIKKELEN

Særtrekk og spesielle hendingar/faktorar hos einskildselskap må også med i forklaringa på at tala svingar som dei gjer:

* Hav Group arbeider i stor grad med større prosjekt, med store svingingar i inntektene alt etter når prosjekta er ferdig.

* Etter oppkjøp og samanslåingar er dagens Eqva (tidlegare Havyard Group) er eit heilt anna selskap i 2022 enn i 2021. Dei to åra kan ikkje samanliknast.

* Oppskriving av flåteverdiar kombinert med innhald i avtalen med långivarane gjorde at den bokførte gjelda auka hos Havila Shipping i fjerde kvartal.

* Havila Kystruten har berre to av fire skip i drift, men har ein organisasjon og eit kostnadsnivå ut over det som må til for å drive berre to skip.

I tillegg til Havila Kystruten er det Hexagon Purus og Hexagon Composites som medverkar mest til det samla underskotet for børsnoterte selskap på Nordvestlandet. Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Sjølv om veksten er stor for selskapet, driv det i ein marknad som framleis er liten og ulønsam.

Hexagon Composites, som lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, er største aksjonær Hexagon Purus. Det eigarskapet er hovudårsaka til underskotet i Hexagon Composites.

(Artikkelen held fram under lenkene til resultatsakene for kvart selskap)

Medan rekneskapen fortel korleis det har gått fortel aksjekursutviklinga korleis investorane i aksjemarknaden ventar at det skal gå framover.

Børsnoterte selskap på Nordvestlandet

Kursutvikling så langt i 2023

Endring i prosent Børsverdi i mill. kroner
Nortel 54,95 % 647
Hav Group 32,94 % 396
Hexagon Composites 29,56 % 7157
Endúr 28,94 % 1447
Havila Shipping 26,33 % 372
Hexagon Purus 23,96 % 7103
Eqva (tidlegare Havyard Group) 6,46 % 225
Arctic Bioscience 0,42 % 289
Salmon Evolution -4,35 % 2735
Sparebanken Møre -5,32 % 3951
Hofseth Biocare -9,12 % 1181
Norva 24* -10,24 % 5543
Golden Energy Offshore Services -11,11 % 60
Havila Kystruten-11,71 %715
Atlantic Sapphire -25,57 % 848
Statt Torsk -33,33 % 234
* Svenske kroner

Ingen er så optimistiske som Nortel-aksjonærane (sjå tabell under), av den enkle grunn av selskapet nyleg fortalde at det har fleire moglege kjøparar av selskapet på handa. Det har gitt aksjekursen eit løft på neste 55 prosent sidan årsskiftet.

Sju andre selskap har også hatt ei postiv kursutvikling i år, medan åtte selskap har falle i verdi på børsen.

Resultat for børsnoterte selskap på Nordvestlandet
4. kvartal. I mill. Kroner
Driftsinntekt Resultat før skatt
2022 2021 2022 2021
Hexagon Composites 1493 1187 -133 -96
Norva 24* 720 589 13 51
Endúr 688 663 2 -17
Sparebanken Møre 534 380 316 201
Havila Shipping 172 145 -81 237
Hav Group 124 225 -17 21
Havila Kystruten 85 -237
Nortel 70 30 -25 -15
Hofseth Biocare 34 26 -38 -37
Salmon Evolution 28 5 -7 -12
Golden Energy Offshore Services 26 24 -10 -17
Statt Torsk 22 7 -8 -1
Arctic Bioscience 11 5 -11 -7
Hexagon Purus** 370 259 -110 -54
SUM 4377 3545 -346 254
Hexagon Purus og Atlantic Sapphire har ikkje rapporter pr. 4 kvartal enno
Eqva rapporterte ikkje kvartalstal
*Resultat er resultat etter skatt
**Driftsresultat før av- og nedskrivingar

Publisert: 19.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 22.03.2023 09:54