Herøyterminalen Torvik
TORVIK: Færøy-selskapet Vónin Refa har tapt stort på Herøyterminalen. Selskapet vil ha no ha svar med kommunen om ein er bunden av ein gamal klausul om å drifte hurtigruteanløpet. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Store tap på terminalsatsing

Eigarane har tapt sju millionar kroner, og reagerer på at kommunen vurderer ny stoppestad for kystruten.

06.07.2021

Herøyterminalen i Torvik har vore eit tapssluk for eigarselskapet Vónin Refa. 2020 vart eit nytt tapsår etter at inntektene gjekk ned frå 3,6 millionar kroner til 2,6 millionar.

Resultatet før skatt enda på minus 0,4 millionar kroner.

Herøyterminalen vart i 2003 seld frå Herøy kommune til Frøystad Fiskevegn. I 2011 overtok Vónin Refa som eigar. Sidan 2011 har selskapet tapt vel ni millionar kroner på satsinga, der tapa siste fem åra er på 2,3 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Herøyterminalen
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 2,6 3,6
Driftsresultat -0,4 -0,4
Resultat før skatt -0,4 -0,4

Skip i opplag
Hurtigruten og Nor-Lines har vore viktigaste inntektskjeldene for Herøyterminalen, men inntektene har gått ned under koronaepidemien.

Litt ekstra inntekter har ein fått ved at det har lege skip i opplag ved terminalen. I år har tre Sanco-skip hatt opplag ved terminalen, men no er det berre Sanco Atlantic som ligg ved kai i Torvika.

Mjølstadnes-planar
I 2014 ville Vónin Refa selje terminalen, men vart stoppa av ein gamal klausul som sa at eigaren av terminalen plikta til å drifte hurtigruteanløpet.

No er det planar om å flytte anløpet for Hurtigruten og Havila Kystruten til Mjølstadneset i samband med bygging av nytt hovedkvarter for reiarlaget Ervik & Sævik, noko kommunen også opnar opp for.

Herøy-ordførar Bjørn Prytz fortalde til NETT NO i juni at han har fått klarsignal frå formannskapet om å undersøke moglegheitene for å flytte anløpa av kystruteskipa, til Mjølstadneset.

– Eg har vore i kontakt med eigarane av Herøyterminalen i Torvik, og informert om at vi er i ein prosess. Per no er vi på det stadiet at vi undersøker moglegheitene, seier han.

- Positivt møte
Også Rita Sævik i Ervik & Sævik fortel at ho har vore på besøk hos Hurtigruten i Tromsø for å vise kva for planar dei har på Mjølstadneset.

– Vi fekk presentere Ervik & Sævik, og innhaldet i det nye bygget. Det var eit positivt møte, ikkje minst når det gjaldt kulturdelen av planane, fortel Sævik til NETT NO.

Vil ha svar med kommunen
Lokalavisa Vestlandsnytt skriv at i eit brev til kommunen reagerer Vonin-direktør Ronny Moan på framgangsmåten til kommunen.

Moan skriv at no som kommunen sjølv tek aktive skritt for å flytte anløpsstad, er kommunen i praksis med på å fjerne heile klausulen de i 2014 hevda stod ved lag. Difor ber han kommunen svare på om driftsklausulen frå 2003 no er å sjå på som bortfallen.

Fiskeutstyrsprodusenten Vónin refa har hovudkontor i Fuglafjørður på Færøyane.

Selskapet har etablert seg i fleire land. I Norge har selskapet hovedkontor på Finnsnes, avdelingar i Svolvær, Tromsø og Alta og eit salskontor i Honningsvåg.

Publisert: 06.07.2021 14:30

Sist oppdatert: 06.07.2021 14:31

Mer om