Storinvestering skal opne nye doerer
BERRE SKYVEDØRER: Produksjonen på Natre Vatne er i løpet av året lagt om til å berre dreie seg om ein ny type heve- og skyvedører dei håpar vil bli den nye «standarden» til fleire av Dovista-konsernet sine merkevare. 
Nytt

Storinvestering skal opne nye dører

Natre går frå vinduer til dører med «ny» fabrikk i Haram. Med det nye anlegget kan dei doble produksjonen - og då treng dei fleire folk.

Marius Rosbach
20.12.2019
Utvending ser Natre-fabrikken ved Hellandshamn lik ut, men innvendig har det skjedd store endringar siste året. Her har Natre-konsernet i ei årrekke laga både dører og vindauge - med hovudvekt på tradisjonelle H-vindauge.
Etter ei investering på kring 35 millionar er produksjonen no lagt om og spissa mot ein ny type heve- og skyvedør.

– Vi har investert i nytt utstyr og rigga om heile fabrikken for denne produksjonen. Det er gledeleg å sjå at vi leverer med svært høg kvalitet, med det volumet vi skal ha og god presisjon til marknaden. Førebels matchar vi målsettinga, seier produksjonsdirektør Jan Marius Reppe i Natre til NETT NO.
Natre-konsernet har kring 400 tilsette, og hovudkontor og halvparten av salgskorpset ligg på Gjøvik. Dei har også ei større sal- og serviceavdeling i Sarpsborg og fabrikk ved Hemnesberget på Helgeland.

Treng 20 nye til med full kapasitet

Natre-direktør Reppe har no sjølv gått inn for å styre økonomien ved Haram-fabrikken med kring 30 tilsette. Arne Liljevold frå Brattvåg er tilsett som lokal driftssjef.

Om det går som Reppe håpar, vil dei ha betydeleg fleire i arbeid om eit par år.
– No har vi ein produksjon på 6000 dører årleg. Når fabrikken er ferdig rigga, vil vi kunne lage 12.000 i året. Og om vi når full kapasitet vil vi ha behov for kring 20 personar til, fortel Reppe.
Det komande året skal dei nytte til å «trimme produksjonen», og han håpar at behovet for fleire tilsette melder seg mot slutten av 2020.
– Vi er langsiktige eigarar også på Sunnmøre. Vi har vore ein stabil arbeidsgivar med lite utskifting og har lite svingingar i bemanninga, påpeiker Reppe.

Les også:



Vil bli konsernleverandør

Bransjen har vore prega av sterk priskonkurranse dei siste ti åra. Difor jobbar dei for å skaffe det nye produktet fleire bein å stå på. At Natre er eigd av det danske storkonsernet Dovista, kan bokstavleg tala opna fleire dører.

– Vi ønskjer å blir ein leverandør til heile konsernet, slik at dette blir ei felles skyvedør for alle varemerka, seier Reppe.
Til no har produkta deira i hovudsak gått til den norske byggvaremarknaden med berre ein liten eksportdel. Framover håpar Reppe å kapre noko av marknadene både i Sverige, Danmark og Storbritannia.
– Skyvedøra er spesialtilpassa for alle desse marknadene. Fleire bein å stå på vil lette trykket for oss i høve konkurransen i marknaden, fortel han.

Krevjande ombygging

Investeringa på 35 millionar kravde ei total utskifting av produksjonsutstyret på Hellandshamn-fabrikken. Sjølve ombygginga starta i vinter og i løpet av seks veker var dei nye maskinane klare til dyst.

– Det var en svært intensiv prosjektperiode med 22 ulike leverandørar inne på det meste. Men organisasjonen handterte jobben veldig bra, fortel han.
Undervegs drog dei nytte av konsernbanda. Produktutviklinga blei gjort ved innovasjonssenteret til Dovista-konsernet i Danmark.
Der blei også det også gjort pilotproduksjon og nøkkelpersonar frå Haram kunne reise til Danmark for å lære produksjonen før dei starta opp produksjonen på heimebane.

Les også:



No har vi ein produksjon på 6000 dører årleg. Når fabrikken er ferdig rigga, vil vi kunne lage 12.000 i året. Og om vi når full kapasitet vil vi ha behov for kring 20 personar til

Publisert: 20.12.2019 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48