Trur på opptur etter vellukka bergingsaksjon
- Kan hende vi vil ha ei utbytemaskin også, svarar Stig Remøy på om det er aktuelt å gå på børs.
Herøy-reiar Stig Remøy har god grunn til å vere i godt humør etter at reiarlaget Olympic Subsea er sikra finansiering dei neste tre åra, samtidig som dei opplever ratar på eit nivå han knapt kan hugse.
Betring i den tradisjonelle offshoremarknaden, saman med aukande oppdrag på vindkraftparkar til havs, låg til grunn for at reiarlaget kunne levere eit resultat før skatt på meir enn ein halv milliard kroner.
Ventar auka ratar og lengre kontraktar
Mykje av overskotet kjem av reverserte nedskrivingar, men driftsmarginen for 2022 enda også på skyhøge 36 prosent.
- Vi leverte eit ebitda-resultat i fjor på 234 millionar kroner med sju båtar. Også ser vi eit vesentleg betre marknad no i 2023, seier Stig Remøy til NETT NO.
Han stoppar opp for å understreke lønnsemda dei ser føre seg framover.
- Det skjedde noko i løpet av 2022 som var veldig positivt, også vart det litt slakkare i fjerde kvartal, før vi no opplever sterk konkurranse. Framover ventar vi auka ratar og lengre kontraktar, seier Remøy.
NETT NO omtalte seinast denne veka at ankerhandteringsfartøyet Olympic Zeus var leigd ut til Equinor for ein million kroner dagen.
- Utruleg viktig plattform
Samtidig som Olympic har fått på plass ei etterlengta ny
finansiering for åra framover, kjempar dei om store oppdrag. Reiarlaget
opplyste onsdag at dei har inngått, eller i ferd med å inngå, kontraktar
til ein verdi av to milliardar kroner.
Situasjonen gjer at det er naturleg å spørje om Herøy-reiaren ser føre seg at selskapet skal på børs.
- Det er opp til styret å avgjere. No har vi fått på plass ei restrukturering som vi har jobba med lenge, og som er ei utruleg viktig plattform for oss. Med det vi ser framføre oss no, så kan hende vi vil ha ei utbytemaskin også, svarar Remøy og ler godt.
- Her er mange opsjonar framover, legg han til.
Les også
Utvidar flåten
Reiarlaget har sju eigne skip i flåten, i tillegg til at dei har management og kontroll over tre andre fartøy.
Samtidig har Olympic to avanserte konstruksjonsskip for vindkraftmarknaden under bygging av Ulstein Group. Sunnmøringane sine samarbeidspartnarar ved Crist-verftet i Polen er allereie i gong med skrogbygginga.
Reiarlaget har opsjonar på to skip til. Stig Remøy seier opsjonane «absolutt er aktuelle» å nytte, også før dei får levert nybygga i 2024.
Publisert: 01.03.2023 18:01
Sist oppdatert: 02.03.2023 09:03