Kongsberg Maritime wind assisted tankers Tärntank
KONGSBERG-DESIGN: Kongsberg Maritime skal levere design og utstyr til fleire metanolklare tankskip. Illustrasjon: Kongsberg Maritime
Nytt

Stort Kongsberg-oppdrag med tankskip

Sikra oppdrag for godt over 120 millionar kroner.

Marius Rosbach
28.03.2023

Kongsberg Maritime har sikra seg meir jobb med eit oppdrag med den danske reiarlaget Tärntank.

Avtalen som gjeld utstyret har ein verdi på kring 120 millionar kroner. I tillegg kjem arbeidet med på design, engineering, ifølgje ei pressemelding.

Hybrid framdrift
Det dreiar seg om tre skip med ein kapasitet på 15.000 dødvekttonn, som skal byggjast i Kina ved China Merchants Jinling-verftet.

Fartøya skal vere klare til levering i 2025 og vere klargjort for metanol som drivstoff, saman med teknologi for vindassistert navigering og batterisystem.

Utstyret frå Kongsberg inkluderer mellom anna ulike thrusterar og propelløysingar, i tillegg til kontrollsystem og dekksmaskineri.

- Eit stort steg framover
Dei ventar at utsleppa frå skipa kan vere opptil 60 prosent lågare enn tradisjonell dieseldrift.

- Med desse tre metanol- og vindassisterte fartøya, tek vi eit stort steg framover på reisa som ein «forerunnar» når det kjem til miljøvennlege løysingar og trygg skipsfart, uttaler reiarsjef Claes Möller i meldinga.

Publisert: 28.03.2023 10:49

Sist oppdatert: 28.03.2023 13:19

Mer om