Geir Håøy kongsberg
VENTAR VEKST: Konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg ventar kraftig vekst i havvindmarknaden. Foto: Kongsberg
Nytt

Kongsberg-sjefen ventar stor vekst på havvind

Signerte oppdrag for 1,7 milliardar i fjor. Ventar fleirdobling neste åra.

Marius Rosbach
14.03.2023

Utstyrsleverandøren Kongsberg ventar kraftig auke i oppdrag til havvindindustrien framover. Det kjem fram i eit intervju konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen har gjort i forkant av Nor-Shipping-messa i juni.

Tala Kongsberg la fram nyleg viste 15 prosent auke i omsetninga i fjor, og ein rekordstor ordrebok.

Fornybarkontraktar for 1,7 milliardar i fjor
Fornybarsegmentet i den maritime marknaden har blitt viktigare for utstyrsleverandøren dei siste åra, og det er havvind som er drivaren for mykje av aktiviteten i bransjen.

- Marknaden for våre løysingar er veksande, seier Håøy til Nor-Shipping-arrangøren.

- I 2022 signerte vi ordrar for kring 1,7 milliardar kroner i havvindmarknaden. Men det er berre starten. Målet vårt no er å vekse slik at vi oppnår tosifra (milliardar norske kroner, journ. anm.) inntekt for konsernet frå offshore vind og fornybarsegmentet innan 2030, seier han.

Trur på internasjonal vekst
Havvind har peika seg ut som det området den maritime klynga på Nordvestlandet, har størst forventingar til framover. Det er ei oppfatning Kongsberg-sjefen delar.

Ein DNV-rapport viser at omsetninga i denne industrien kan meir enn 50-doble seg fram til 2050.

Håøy fortel at Kongsberg vil vere med å utvikle marknaden internasjonalt. Han meiner «heimemarknaden» i Nordsjøen fungerer som ein form for laboratorium for havvind, det vil være fruktabart å bygge vidare på.

- Vi ser enormt potensiale i Asia og USA for økt vekst, legger Kongsberg-sjefen til.

Publisert: 14.03.2023 09:56

Sist oppdatert: 14.03.2023 13:55

Mer om