Erlend Hagen Naval Consult Nordhavet i bakgrunnen
NY START: Erlend Hagen var leier for Naval Consult. No skal han drive vidare med skipsdesing, som ein del av NSK Ship Design, som etablerer seg på Raudeberg for å få større innpass i fiskebåtmarknaden.
Nytt

Stort skipsdesign-selskap til Nordvestlandet

Skipsdesignselskapet NSK Ship Design etablerer avdelingskontor på Raudeberg.

20.10.2022

Naval Design gjekk konkurs tidlegare i år. No har NSK Ship Design i Harstad kjøpt buet, og etablert avdelingskontor på Raudeberg, der Naval Design hadde verksemda si.

– Vi har lenge hatt ønske om å levere fleire design og skipskonsulenttenester til fiskerinæringa. Då vi i haust fekk sjansen til å overta Naval Consult, såg vi raskt ei moglegheit. Særleg når vi også fekk med oss nøkkelpersonell frå selskapet, seier dagleg leiar Mats Nygaard Johnsen i NSK i ei pressemelding, skriv Sunnmørsposten.

NSK Ship Design er eitt av dei fem største skipsdesignselskapa i Noreg, med hovudkontor i Harstad og avdelingskontor i Trondheim - og no også på Raudeberg. Tidlegare Naval Design-sjef og medeigar, Erlend Hagen, er tilsett og skal vere med vidare.

I 2021 hadde NSK Ship Design 110 millionar kroner i driftsinntekter. Det er det nest høgaste selskapet har hatt. Resultatet før skatt blei 33 millionar kroner.

Tre konkurrentar
I Måløy, nokre få minutts biltur unna Raudeberg, held skipsdesignselskapa Skipskompetanse og Seacon til.

Skipskompetanse er det største. I fjor hadde Skipskompetanse 42 millionar kroner i driftsinntekter og 12 millionar kroner i resultat før skatt.

Då NETT NO snakka med dagleg leiar og eigar Per Jørgen Silden i Skipskompetanse under NOr-Fishing i Trondheim i august fortalde han at selskapet var poå jakt etter fleire folk.

- Vi har ein definert vekstplan, sa Silden.

Publisert: 20.10.2022 09:24

Sist oppdatert: 20.10.2022 09:55