Aurvoll og furesund foto Aurvoll og Furesund
SAMARBEID: Aurvoll og Furesund er spesialist på grunnarbeid og ein av samarbeidspartnarane i Havlandalliansen. Foto: Aurvollog Furesund
Nytt

Allianse skal bygge oppdrettsanlegg

Tre bedrifter og Runde Miljøsenter skal samarbeide.

06.09.2023

Astorplast, Aurvoll & Furesund og Tussa Installasjon har gått saman for å vinne innpass i marknaden for bygging av oppdrettsanlegg.

Gjennom Havlandalliansen satsar dei på at dei skal står sterkare saman i konkurransen om å bygge til dømes smoltanlegg på land enn dei gjer kvar for seg.

- Vi har sett på ein del anlegg kvar for noss. Då så vi at det kunne vore ein god del synergiar (å hente, red. merk.), seier dagleg leiar Asgeir Djupvik i Astorplast.

I utgangspunktet er Havlandalliansen eit samarbeid mellom tre sjølvstendig selskap, men der kunden møter ein felles prosjektleiar som samordnar arbeidet på vegen av alle tre.

I tillegg skal Runde Miljøsenter vere samarbeidspartnar, både ved å levere analyser og i planlegginga av anlegga.

Astorplast leverer og montere av vassdistribusjonssystem, og produserer også maskinerte delar og løysingar i PE-plast.

Aurvoll & Furesund er ein maskinentreprenør og Tussa Installasjon elektroentreprenør.

Publisert: 06.09.2023 15:32

Sist oppdatert: 06.09.2023 22:46

Mer om