Straum
STRAUM: Elspotprisen torsdag morgon. Dei grøne pilane viser straumflyten. Skjermdump: Statnett
Nytt

Straumprisen vidare ned

Vind i Storbritannia og regn i Nordvest hjelper på

21.10.2021

Etter at straumprisen slo alle rekordar i Sør-Norge onsdag, har prisen falle kraftig siste døgnet.

Det viser ferske tal frå Statnett.

Torsdag klokka 07:50 var elspotprisen på Nordvestlandet på 15,62 øre/kWh (avgifter og nettleige kjem i tillegg), og var nede på 10 øre/kWh tidleg på natta.

I Sør-Norge var elspotprisen 98,79 øre/kWh.

Stor nedgang
Ifølgje NVEs vekerapport var vekeprisen for straum i Midt-Norge og Nord-Norge på 23 øre/kWh førre veke. Det er ein nedgang på 45 prosent for Midt-Norge frå veka før. I Sør-Norge var spotprisen i snitt 105 øre/kWh.

NVE skriv at høg vindkraftproduksjon av tidvis rimeleg kraft frå Sverige og kontinentet.

Vassmagasina stig
I tillegg hjelper det på at det bles kraftig i Storbritannia, så mykje at Norge natt til onsdag importerte straum frå Storbritannia etter at straumprisane der fall under null tidleg på natta.

Det kraftige regnveret på Nordvestlandet hjelper goså på.

Fyllingsgrada i norske vassmagasin er no oppe i 67,5 prosent. Det er likevel eit godt stykke bak normalen for dei siste 20 åra, som på denne tida brukar å liggje på godt over 80 prosent.

Publisert: 21.10.2021 08:00

Sist oppdatert: 21.10.2021 08:03

Mer om