Regjeringa: Risikabelt å redusere straumeksport til utlandet
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier Noreg kan risikere å miste tilgang på import av kraft dersom vi reduserer straumeksporten til utlandet.
NPK-NTB: I eit skriftleg spørsmål til regjeringa frå Raudt-leiar Bjørnar Moxnes går det fram at Moxnes ønskjer å redusere norsk straumeksport for å redusere straumprisane, skriv Aftenposten. Han spør regjeringa om ikkje Noreg einsidig kan avgrense bruken av Norlink-kabelen til Tyskland.
Nyutnemnd olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) peikar på risikoen det kan innebere for Noreg å redusere handelen over landegrensene.
– Vi ville mellom anna risikert at vi ikkje er sikra tilgang på import av kraft når vi verkeleg treng det, seier Persen.
Bryt forpliktingar
Ho seier vidare at Noreg vil bryte forpliktingar vi har gått med på dersom handelen via dei undersjøiske kraftkablane til Tyskland skulle reduserast for å påverke kraftprisane.
Persen skriv vidare i svaret til Moxnes at det i Hurdalsplattforma står at regjeringa vil «utrede hvordan norsk krafteksport påvirker norsk forsyningssikkerhet og norske strømpriser, og hvilke konkrete tiltak som kan bidra til å sikre at norsk fornybar kraft forblir et konkurransefortrinn for norsk industri».
Straumprisen i Sør-Noreg var tysdag på 1,42 kroner per kilowattime. Det er venta at prisen skal falle igjen allereie onsdag, men at han kan stige igjen seinare.
Ingen mirakelkur
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier det ikkje finst nokon mirakelkur mot dei høge straumprisane som har sett sitt preg på hausten.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum seier til Klassekampen at auka straumprisar var ein ønskt politikk frå den avgåtte borgarlege regjeringa. No er han bekymra over utviklinga den siste tida og seier regjeringa har starta arbeidet med å få ned prisane.
Vedum kan likevel ikkje love tiltak som vil gi umiddelbare eller raske kutt i straumrekninga til folk.
– Det er ingen mirakelkur. Vi ser no effekten av vedtak som vart gjort for mange år sidan. Større grep som vil få ned prisane mykje, vil ta tid, seier Vedum til avisa.
Publisert: 20.10.2021 08:11
Sist oppdatert: 20.10.2021 08:36